Hopp til innhold

Cornelius Berg Bugge

Cornelius Berg Bugge, forretningsmann og eigedomsmagnat som satsa alt han tente på å utvikle nynorske forretningstiltak og dermed sikra grunnlaget for både aviser, hotell og teater, men sjølv gjekk han konkurs.

Bugge var fødd i Bergen 27. mai 1865 og døydde same staden 24. desember 1934. Han dreiv kleshandel i Bergen og skipa i 1910 selskapet Norskt Herbyrge, der også Vestmannalaget, Hordalands ungdomslag og Vestlandske maallag hadde nokre aksjar.
 
Gjennom dette selskapet var Bugge fødselshjelpar for og sentral investor i mange nynorsktiltak, ikkje minst fleire kaffistover og Hotell Hordaheimen. Viktig var også støtta til avisa Gula Tidend, den nynorskbrukande Landsbanken i Bergen 1914­–23, tomtekjøp i 1916 til nybygg for Det Norske Teatret i Oslo (ferdig 1985), ein større aksjepost i avisa Sunnhordland i 1918, ny utgåve av Aasens Norsk Ordbog same året og garanti for Fyrebilsbibelen, den nynorske utgåva av Bibelen i 1921.
 
Bugge var formann i Vestmannalaget 1908–22.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013