Hopp til innhold

David Olsson Bakke

David Olsson Bakke, bonde, målmann, avisredaktør, stortingsmann og lokalhistorikar. Gjennom fleire tiår var han ein av dei fremste radikale bygdepolitikarane på Vestlandet.

David Olsson Bakke vart fødd 30. april 1857 i Ytre Holmedal (no Fjaler) i Sogn og Fjordane og døydde same staden 25. april 1935. Han var ordførar i Fjaler 1896–99 og 1905–10, og stortingsrepresentant for Venstre frå Nordre Bergenhus amt i 1901–03 og 1913–18.
Bakke kom frå ein politisk aktiv heim. Far hans, Ola M. Bakke, hadde vore lærar, stortingsvaramann og leiar for den lokale bondevenforeininga. I 1871 tok Bakke til ved Jens Rolvsson sin bondehøgskule i Dale, og tre år seinare var han med og skipa Norskelaget, eit av dei første ungdomslaga i Noreg.
Målsaka var sentral for Bakke. Møta i Norskelaget gav høve til både munnleg og skriftleg øving i nynorsk, og medlemmene var pålagde å arbeide for utbreiing og fasthalding av norske namn på folk, fe og stader. Ei tid var Bakke redaktør for Firda og Sygnafylkets avis i
Bergen, den første norske avisa som gjekk over til å skrive berre på nynorsk i 1890. Då han vart ordførar, tok han straks til å føre møteboka på nynorsk.
Som politikar arbeidde Bakke særleg for å få til nye kommunikasjonar og industrietableringar på bygdene. På sine eldre dagar var Bakke med og skipa Sunnfjord Sogelag. Han var sjølv ein aktiv lokalhistorikar og skreiv Fjaler i gamle dagar, som kom ut 13 år etter han døydde.
 
Kjelder
Gaute Losnegård mfl.: Dalsfjordboka. Leikanger 1999
Gaute Losnegård: Havfolk og fjordfolk. Allmennsoge for Askvoll, band 2. Askvoll 2011
Peikarar

Først publisert: 02.07.2012
Sist oppdatert: 05.06.2013