Hopp til innhold

Einar Breidsvoll

Einar Nyborg Breidsvoll, redaktør, «språkrettar» og ordlistemann. Han la grunnlaget for den mest selde ordlista i Noreg

Breidsvoll var fødd 10. august 1889 i Chicago, voks opp i Elverum og døydde i Oslo 31. desember 1959. Han tok realartium i Kristiania i 1907, studerte realfag, men tok ikkje embetseksamen.
Med eit mindre avbrot arbeidde han frå 1913 til 1935 i Den 17de Mai, den viktigaste nynorskavisa på den tida. I 1917 vart han redaksjonssekretær, og frå 1927 til avisa gjekk inn i 1935, var han redaktør. 1937–40 styrde han bladet Noreg, eit vekeblad med Venstre-profil.
Då regjeringa Nygaardsvoll vedtok ei ny rettskriving i 1938, gav Breidsvoll og Knut Liestøl same året ut Nynorsk ordliste. I samband med læreboknormalen av 1959 kom det ny utgåve, utarbeidd av Breidsvoll og Alf Hellevik. Seinare har ordlista levd vidare, kjend som «Helleviks ordliste», sidan 2000 redigert av Kåre Skadberg og Aud Søyland. Frå 1938 til i dag har ordlista vore prenta i over to millionar eksemplar.
Breidsvoll sat i styret for Det Norske Samlaget i over ein mannsalder – som varamann frå 1917, medlem frå 1919, styreformann 1936–49, og varamann til 1959. 1928–35 var han formann i Norsk Bladmannalag. I 1923 var han nestformann i det første målstyret i Studentsamfunnet. I yngre år omsette han òg Det kommunistiske manifestet til nynorsk.
I seinare år kalla han seg gjerne «språkrettar». Frå 1945 til juli 1954 var han tilsett som korrekturlesar på Stortinget og las korrektur på nynorsken i Stortingstidende. Han var språkkonsulent for Det Norske Teatret frå 1936 og var eit par år nynorsklærar for Teaterskulen.
Kjelder
Stortingsarkivar Egil Borlaug, e-post 22.9.2011

Olaf Almenningen: Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900–2000. Oslo 2003
Antor Aune: «Nynorske bladmenner no. Biografiske data.» Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
Bjarte Birkeland mfl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo 1968
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Olav Midttun: Mål og menn. Oslo 1968
Sigmund Skard og Åse Gruda Skard: Menneske vi møtte. Oslo 1985
Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret 50 år. 1913–63. Oslo1963

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 26.05.2017