Faktaboks

Elias Berdal
Uttale
bˈerdal
Fødd
1. februar 1883, Tafjord i Norddal, Møre og Romsdal
Død
10. mai 1971, Oslo
Verke
Forsikringsdirektør
Familie

Foreldre: Lærar og klokkar Peter Andras Karlsson Berdal (1855–1947) og Anne Marie Eliasdotter Grønningsæter (1858–1941).

Gift 9.10.1909 med Marie F. Sørlien (22.4.1886–12.7.1975), dotter til bonde Per Sørlien og Ida Thorengen.

Elias Berdal var ein norsk forsikringsdirektør.

Han avla eksamen artium i 1902, eksamen ved Elverum lærarskule i 1905, var deretter lærar og forsikringsagent. Underdirektør i forsikringsselskapet Andvake frå 1917, direktør i 1919–1954 og styremedlem til 1964. I Andvake la Berdal ned ein betydeleg innsats for bruk av nynorsk i næringslivet.

Styreformann Det Norske Teatret i 1920–1923, formann i Norsk Måldyrkingslag i 1950–57, rådsmedlem i Norsk Allkunnebok i 1945–1966. I åra 1939–1942 var Berdal direksjonsmedlem i Noregs Bank.

For det langvarige samarbeidet sitt med Island vart Berdal utnemnt til Ridder av Islands Falkeordenen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (3)

skreiv Sverre Olav Lundal

Kan Berdal ha hamna i feil kategori? Biografier i norsk i norsk nøringslivshistorie høver betre.

skreiv Tove Bull

Eg gissar at Berdal er hamna der han har hamna fordi det er Ottar Grepstd som har skrive om han. Det er altså MÅLMANNEN Berdal som har gjort utslaget her. Eg synest nok likevel at næringslivshistorie høver betre.
Helsing
Tove

skreiv Tove Bull

Eg gissar at Berdal er hamna der han har hamna fordi det er Ottar Grepstd som har skrive om han. Det er altså MÅLMANNEN Berdal som har gjort utslaget her. Eg synest nok likevel at næringslivshistorie høver betre.
Helsing
Tove

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg