Norman Black, amerikanar som starta Vinlands Mållag og nynorskavisa Ny Verd i New York.

Norman Black er fødd i New York og vaks opp i Brooklyn. Foreldra hadde ikkje norske anar – faren var av russisk ætt og mora av irsk. Black utdanna seg til journalist og arbeidde i fleire år i dei store telegrambyråa Associated Press og United Press International. Seinare vart han tilsett i New York News. Etter at han forlét pressa, arbeidde han som informasjonskonsulent i eit verdsomspennande storkonsern.

Under eit opphald i Noreg vart han gift med ei norsk kvinne og lærte seg bokmål. Men Garborg-romanane Fred og Bondestudentar vekte interessa hans for nynorsk, og han gjekk over til denne målforma. I 1972 starta han Vinlands Mållag og i 1973 avisa Ny Verd, der han vart bladstyrar, forretningsførar og lysingssjef. Black var den som skreiv mest i avisa, og han pakka og sende ut avisene sjølv. Første året kom Ny Verd ut med to nummer, seinare fire nummer årleg.

Black var svært språkleg konservativ og heldt seg til 1938-rettskrivinga. Både i skrivemåte og målpolitikk stod han langt frå språksynet til dei fleste målfolk i Noreg, og han uttalte at han var vonbroten over målfolk i Noreg som ikkje tok han på alvor. Ny Verd, som på det meste hadde 3000 tingarar, fekk støtte frå bokmålstalande forretningsmenn i New York. Avisa gjekk inn i 1981, men mållaget heldt det gåande til 1999.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg