Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Erik Brodal

Svein Erik Brodal, skodespelar, instruktør, dramatikar og lyrikar. Han var teatersjef ved Det Norske Teatret i tolv år.

Svein Erik Brodal er fødd 21. februar 1939 på Austre Toten. Han tok latinartium ved Katedralskolen i Oslo og kom inn på Statens Teaterhøgskole som 19-åring. Brodal kom til Det Norske Teatret i 1962 og har vore ved dette teatret sidan. Han har to gonger vore teatersjef, og han var den som fekk æra av å vere teatersjef då teatret flytta inn i det lenge etterlengta nybygget i Karl Johan-kvartalet. Brodal satsa spesielt på store og dristige musikalprosjekt i sjefstida si, til dømes Cats (1985) og Les Miserables (1988).
Brodal hadde etter teaterhøgskulen arbeidd eitt år ved Fjernsynsteatret før han i 1962 kom til Det Norske Teatret. Han fekk tidleg ansvarsfulle oppgåver av teatersjef Skagestad og spela mellom anna Hamlet som 27-åring. Saman med kjærasten, seinare kona, Gudrun Waadeland, fekk han teatersjefansvaret for eksperimentscena Bikuben i 1967. Han var kunstnarisk rådgivar for Skagestad i ein tiårsperiode og vikarierte eitt år som teatersjef i 1975/76, då Skagestad hadde permisjon.
Han var difor den sjølvsagde etterfølgjaren då det skulle tilsetjast ny sjef ved Det Norske Teatret i 1979. I tillegg til ei lysande teaterkarriere hadde 39-årige Brodal då gitt ut to diktsamlingar, ein roman, teke cand.mag.-graden ved Universitetet på si og skrive ei nesten fullført magistergradsavhandling i teatervitskap om Tordis Maurstad.
Han skreiv dessutan stadig teaterteoretiske artiklar og gav nokre av dei ut i bokform då han starta sjefsjobben, under tittelen Syn på teater. Eit nytt band med artiklar kom i 2009.
Brodal var teatersjef ved Det Norske Teatret frå 1979 til 1990. Han var målmann og såg Det Norske Teatret som «ein del av norskdomsrørsla, ein reiskap i kampen for norsk bonde- og folkekultur». Han arbeidde systematisk for å styrkje banda mellom teatret og dei såkalla nærskylde tiltaka i målrørsla, og han satsa mykje og dristig på å utvikle ny nynorskdramatikk.
Brodal vart dessutan teatersjefen som fekk æra av å innvie Det Norske Teatrets nybygg i Karl Johan-kvartalet i 1985. Han vart samstundes teatersjefen som måtte bere alle dei uføresette ekstrakostnadene som det gigantiske bygget førte med seg, og dei stadige tøffare krava frå styresmaktene til eigeninntening. I tillegg til ny norsk dramatikk satsa Brodal som forgjengaren sin på tunge internasjonale musikalsuksessar og spela både Cats (1985) og Les Miserables (1988) dei første åra i nybygget.
Brodal viste òg at han var villig til å satse stort og ambisiøst på mindre kommersielle teaterprosjekt og sette til dømes opp den første fulle versjonen av Ibsens Keisar og Galilæar (1987), og han lèt Stein Winge regissere det seks timar lange Merlin av Tancred Dorst, med matservering i pausen (1989). Han utvida dessutan spekteret av tilbod, omdefinerte bygget frå teater til kulturhus og tok initiativ til andre kulturaktivitetar, til dømes «Lunsj & lyrikk» og ymse matinear. Brodal sjølv er ein populær opplesar og kåsør og er jamleg med under «Lunsj & lyrikk» og andre tilstellingar.
Etter 1990 gjekk Brodal tilbake til ensemblet ved Det Norske Teatret som skodespelar, der han var ein trufast medlem til han gjekk av med pensjon i 2009, parallelt med dramatikar- og instruktøroppgåver andre stader, mellom anna ved hjartebarnet og prosjektteatret Toten Teater i heimbygda. Våren 2012 hadde han si formelle avskilsframsyning som skodespelar, med framsyninga Kva er ein skodespelar?, basert på tekstutdrag frå ulike stykke. Brodal er medlem av Arbeidarpartiet og var frå 1997 til 2001 vararepresentant til Stortinget.
Kjelder
Arkivet til Det Norske Teatret
Svein Erik Brodal: Syn på teater. Teaternotat 1969–1979. Oslo 1979
Svein Erik Brodal: Syn på teater II. Artiklar, talar, essay 1980–2007. Oslo 2009
Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år 1963–1988. Oslo 1988

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 05.06.2013