Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Digernes

Ivar Arnstein Knutson Digernes, kommunist og kulturformidlar mellom Sovjetunionen og Noreg.

Digernes var fødd 29. april 1904 i Ørsta og døydde 8. februar 1958 i Oslo. Han tok eksamen artium i 1922 ved Volda landsgymnas og flytta året etter til Oslo. Her arbeidde han i arbeidarpressa og blei aktiv i Mot Dag-rørsla. Han var redaksjonssekretær i Nordahl Griegs tidsskrift Veien frem i åra 1936–1937. Digernes fullførte cand.mag.-graden ved Universitetet i Oslo i 1938, med faga engelsk, tysk og historie.
 
Digernes budde i Moskva i perioden 1927–1936. Her gifta han seg med Tatjana Nesterova i 1930, som han fekk tre born med. Under dette opphaldet arbeidde han for eit sovjetisk forlag og sette ei rekkje russiske bøker om til norsk, hovudsakleg til bokmål, mellom anna av Lenin, Sjolokhov, Gorkij, Tolstoj og Dostojevskij. Særleg omsetjinga hans av Forbrytelse og straff er gitt ut fleire gonger.
 
Under andre verdskrigen budde Digernes og familien i Sverige. Etter krigen arbeidde han mellom anna som utanriks- og kulturredaktør i avisa Friheten og som tolk ved den sovjetiske ambassaden i Oslo. Mot slutten av livet skreiv han for tidsskriftet Fossegrimen, som Torolv Solheim hadde starta i 1954.
 
Kjelder
Jens Kåre Engeset: «Ivar Digernes (1904–1958). Ein radikal kulturformidlar», i Vent vidar seg Hovdevatnet. Kulturhistoriske artiklar. Hovdebygda 2005
Martin Nag: Ivar Digernes. En kulturformidler mellom Sovjetunionen og Norge. Oslo 1985

Først publisert: 03.02.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013