Faktaboks

Jon Dyrrdal
Fødd
21. november 1894, Høyanger
Død
25. november 1933

Jon Dyrrdal var ein norsk samfunnsøkonom og ungdomslagsorganisator. Han kombinerte ny økonomisk og sosiologisk innsikt med eit sterkt organisatorisk engasjement i norskdomsrørsla.

Dyrrdal var på studieferd i Sør-Europa og Midtausten før han drog til USA, der han studerte sosialøkonomi. Nokre av inntrykka og refleksjonane frå studieferda oppsummerte han i småskriftet I skuggane fraa Versailles. Det arbeidslause Tyskland (1923).

I 1920-åra arbeidde Dyrrdal ei tid på Ford-fabrikken i Detroit. Dette danna bakgrunnen for pamfletten Fordismen. Moderne arbeidsproblem (1929), utgitt på Fram forlag (Mot Dag). Dette er eit tidleg oppgjer med «Ford-myten» og ein kritisk sosiologisk analyse av korleis moderne rasjonell industriell masseproduksjon verkar sløvande på arbeidarane.

Dyrrdal kom tidleg med i ungdomslagsarbeidet i heimtraktene. Etter at han kom til Noreg att, vart han sekretær (1928–33) i det nyskipa Oslo Fylkeslag i Noregs Ungdomslag. Her vart han ei drivande kraft, ikkje minst i det sosiale arbeidet til ungdomsrørsla i hovudstaden. Han fekk i gang hybelhuset «Heim for landsungdom» (Nordahl Bruns gate 22) og bygde med kommunal og statleg støtte opp «Sosialkontoret for landsungdom» til hjelp for ungdom som ville etablere seg i bygdene. Slik vart han både ein viktig organisatorisk og ideologisk modernisator i norskdomsrørsla i mellomkrigstida.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg