Hopp til innhold

Knut Dahle

Knut Johannesson Dahle, konsertartist og hardingfelespelar som ville berge tradisjonen sin og sette Grieg på saka.
Knut Johannesson Dahle var fødd 4. oktober 1834 og døydde 7. juni 1921. Han voks opp på garden Dale i Vestfjorddalen i Tinn og budde i Tinn mesteparten av livet. Han gifta seg i 1857 med Ingeborg K. Grønskei, og dei to dreiv eit gardsbruk på Dale fram til ho døydde i 1888, parallelt med at han verka som spelemann. På dette tidspunktet fekk ein av sønene ta over garden, medan Dahle sjølv etter dette arbeidde i periodar som husmålar attåt spelinga. Han fekk årviss pensjon frå Tinn kommune frå 1912.
 
I 1880-åra gjorde Dahle fleire konsertreiser i Telemark, der han gjerne heldt små introduksjonar til slåttane han framførte. Seinare blei han med sonen Johannes til USA, der han turnerte i åra 1896–1900. Han heldt mellom anna fleire konsertar i Luther College i Decorah (Iowa) og verka òg som felemakar.
 
Gibø-spelet
Det var særleg på morssida til Dahle at det fanst rike musikktradisjonar. Oldefaren hans var spelemannen Brynjulv Olsson (1704?–1790), som slo seg ned i Tinn, og som er rekna for den første representanten for det Eivind Groven seinare kalla «det gamle tinnspelet». Dahle lærte å spele fele av morfaren Knut B. Sønstaul (1771–1863) og av Hans Fykerud d.e. (1823–1879), far til dei meir kjende sønene Lars og Hans Fykerud. Seinare blei Håvard Gibøen (1809–1873) den sentrale læremeistaren og inspirasjonskjelda hans. Gibøen budde jamvel på Dale ein periode. Dahle kom til å bli ein viktig vidareførar av det gamle tinnspelet eller «Gibø-spelet», som Groven kontrasterer med «Myllarspelet». Medan tradisjonen etter Myllarguten (1799–1872) er meir kraftfull og har gjennomgåande dur-tonalitet, har Gibø-tradisjonen eit meir poetisk uttrykk og har større innslag av naturtonalitet. Den særeigne tonaliteten i Gibø-slåttane var noko også Dahle sjølv framheva, og som han ikkje fann hos den andre læremeisteren sin, Fykerud.
 
Samstundes som Dahle også tileigna seg noko Myllarspel, skal han ha vore oppteken av å føre Gibø-spelet vidare så nøyaktig som råd, noko han gjorde gjennom ein læringsteknikk der slåttar blei innlærte tak for tak, slik Gibøen i sin tur hadde lært stoffet av sin læremeister, Knut Lurås. Dahle komponerte òg slåttar sjølv, til dømes «Rjukanfossen» og «På prærien».
 
Dahle, Halvorsen og Grieg
I 1888 tok Dahle for første gong brevkontakt med komponisten Edvard Grieg, med tanke på å få skrive ned alt stoffet han sat inne med. I det første brevet til Grieg framhevar han at han har «lært nøiagtigt at spille efter de gamle gode spillemendene» (Gibøen, Myllarguten og andre). Dahle var med andre ord medviten om at han sjølv representerte ein viktig tradisjon, som han sjølv i eit seinare brev omtalte som «den natjonale musik». I breva uttrykkjer han vidare uro over at denne musikken skulle gå i grava med han sjølv, og for å hindre dette freista han, med hell, å appellere til nasjonsbyggjande straumdrag i samtida.
 
Prosjektet blei realisert først etter amerikareisa, då Grieg sette han i kontakt med komponistkollegaen Johan Halvorsen, som på dette initiativet skreiv ned 17 utvalde slåttar under eit opphald Dahle hadde i Kristiania. Halvorsen fekk dei trykt som «Norwegische Bauerntanze», medan Grieg kort tid etter sette dei 17 slåttane ut for klaver, som han i 1903 fekk trykt som Slåtter, op. 72. Kvaliteten på Halvorsens transkripsjonar har vore omdiskutert i ettertid.
 
Denne musikken skulle altså ikkje bli borte, slik Dahle hadde frykta. Seinare skulle også Arne Bjørndal og Torkjell Haugerud gjere nedteikningar av spelet hans. Vidare gjorde Rikard Berge voksopptak av han og sonesonen Johannes i 1912. Eit opptak herifrå av «Bruremarsj etter Myllarguten» er gitt ut på Ingfrid og Åshild Breie Nyhus si plateinnspeling av Griegs Slåtter og hardingfeleslåttane verket byggjer på (2007).
 
Det gamle tinnspelet lærte Knut Dahle først og fremst vidare til barnebarna («godsønene») sine, Gunnar og Johannes Dahle. Knut Dahle var framleis like nøyaktig då han på sine eldre dagar førte yngre spelemenn inn i tradisjonsstoffet sitt.
 
Kjelder
Bjørn Aksdal: «Knut Dahle», Norsk biografisk leksikon, bd. nr. 2. Oslo 2000
Knut Buen: «Som gofa spølå». Tradisjonen rundt spelemannen Knut Dahle 1834–1921. Tuddal 1983
H.H. Einung: Soga om meisterspelemannen Knut Johannesson Dahle. 1948

Først publisert: 21.02.2011
Sist oppdatert: 21.02.2011