Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarte Eikeset

Bjarte Eikeset, jurist og sorenskrivar i Sunnfjord. Han var i tillegg høgrepolitikar og hadde ei rekkje offentlege verv.

Eikeset blei fødd 22.2.1937 i Førde og døydde 22. april 2017 i Bergen etter ei bilulukke. Han var utdanna jurist og dreiv som høgsterettsadvokat i Førde fram til 1980, då han vart utnemnd til sorenskrivar i Sunnfjord. I 2004 blei han leiar for den då nyskipa Fjordane Tingrett. Denne stillinga hadde han til han gjekk av med pensjon i 2007.
 
Eikeset hadde også ei politisk karriere. Frå 1973 til 1976 var han fylkesformann for Høgre i Sogn og Fjordane, og han var både medlem av kommunestyret i Førde og fylkestinget og fylkesutvalet i Sogn og Fjordane. I 1981-83 var han statssekretær i Miljøverndepartementet under statsråd Wenche Frogn Sellæg i den første regjeringa til Kåre Willoch. Frå 1981 til 1989 var han 1. vararepresentant for Høgre til Stortinget. Han hadde også ei rekkje andre viktige verv, mellom anna som styreleiar for Sogn og Fjordane Energi AS og som varamedlem i Norsk Språkråd 1980-87.

Kjelder

Offisielt frå statsråd 26. mars 2004: Eikeset utnemnd til sorenskrivar i Fjordane Tingrett, regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-26-mars-2004/id101846/

Peikarar

Biografi på stortinget.no

Først publisert: 06.07.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018