Faktaboks

Hans Eidnes
Fødd
20. mars 1887, Bjarkøy
Død
5. juni 1962
Hans Eidnes
Av /Stortingsarkivet.

Hans Eidnes var ein norsk folkehøgskulemann, politikar og publisist.

Han tok eksamen ved Tromsø lærarskule i 1909, og var frå 1914 lærer ved Vågan folkehøgskule og frå 1919 ved Trondenes folkehøgskule, der han var rektor frå 1921.

Eidnes var redaktør i Håløygminne i åra 1920–1962, og redaktør i det nordnorske nynorskbladet Midnattsol frå 1919 til 1929. Han gav mellom anna ut Nordlands soga i oldtid og millomalder (1921, nye utgåver i 1943 og 1954) og Tru og tradisjon. Gamalt frå Hålogaland (1946).

Han var stortingsrepresentant for Venstre frå Troms i perioden 1945–1949, og formann i Noregs Mållag frå 1946 til 1949.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Hans Eidnes
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037549000293

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg