Faktaboks

Johannes Eidnes

Johannes Heggelund Eidnes

Fødd
18. oktober 1888, Bjarkøy (no Harstad), Troms og Finnmark
Død
21. februar 1974, Harstad, Troms og Finnmark

Johannes Eidnes var ein norsk folkehøgskulelærar og aktiv i det frilyndte ungdomsarbeidet i Troms i ei årrekkje. Den første nordlandsbunaden for menn var ei brudgomsdrakt som Eidnes fekk sydd til seg sjølv i 1924.

Johannes Eidnes var fødd på Bjarkøy i Troms. Han tok eksamen ved Tromsø lærarskule i 1914, var lærar ved Sulitjelma folkeskule i 1914–1915 og ved folke- og framhaldsskulen i Bø i Vesterålen i 1915–1920. Han var lærar ved Trondarnes folkehøgskule frå 1921 til oppnådd aldersgrense i 1959.

Eidnes var engasjert i den frilyndte ungdomsrørsla og var ein viktig pådrivar i Troms Ungdomsfylking og i Bondeungdomslaget i Harstad i ei årrekkje. Dessutan var han aktiv i Troms Fylkeshusflidslag. Tidleg i 1920-åra gjekk han i brodden for ein nordlandsbunad for menn. Han tok aktivt del i arbeidet med å samle inn bakgrunnsmateriale for ein slik bunad ulike stader i Nordland og Troms. På grunnlag av dette materialet fekk han sydd seg ei brudgomsdrakt i 1924. Dette var den første nordlandsbunaden for menn, og han blei nytta som modell for mannsbunaden for Nordland og Troms slik vi kjenner han i dag.

Eidnes hadde fleire studieopphald i utlandet. Han oppheldt seg ei tid ved Askov Højskole i Danmark og fekk i 1924 stipend for å dra på studiereise til Tyskland. I 1940 gav han ut morospelet Giftegalne.

Eidnes var æresmedlem i Bondeungdomslaget i Harstad. Han fekk Kongens fortenestemedalje i 1959.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Karl Bakke (red.): Norske skolefolk, bd. 1. Stavanger 1952
  • Johannes Eidnes: «Nordlandsbunad for menn», Håløygminne 2/1960
  • Sussi H. Gabrielsen (red.): Av nød, lyst og kjærlighet. Husflid i Nordland gjennom 100 år. Bodø 2001
  • Bente Knudsen: «Bunad anno 1924», Nordlys 4. juli 1997
  • Kjersti Skavhaug: Våre vakre bunader. Oslo 1978

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg