Hopp til innhold
Liv Kari Eskeland. Foto: Stortinget.
Liv Kari Eskeland. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Liv Kari Eskeland

Liv Kari Eskeland, sivilarkitekt, tidlegare ordførar på Stord og stortingsrepresentant for Høgre frå Hordaland.

Liv Kari Eskeland er fødd 21. mai 1965 på Stord i Hordaland, der ho voks opp. Ho gjekk på Stord vidaregåande skole i 1981–84, tok grunnfag i engelsk ved Høgskulen i Volda i 1984–85 og er utdanna sivilarkitekt frå NTNU, 1985–90.

Eskeland arbeidde som sivilarkitekt ved Holmedal og Husum Offshore AS i 1991–96, var avdelingsleiar ved Apply Leirvik i 1996–2000 og dagleg leiar i LINK arkitektur på Stord i 2000–07. Ho var ordførar på Stord i 2007–15 og prosjektleiar i offshore-verksemda Unitech Energy Research frå 2016. I perioden 2017–21 er ho stortingsrepresentant for Høgre frå Hordaland, som vararepresentant for Erna Solberg.

Eskeland har vore leiar av Stord Høgre og medlem av kommunestyret på Stord som ordførar i 2007–15. I perioden 2010–16 var ho fylkesleiar i Hordaland Høgre, og ho har vore medlem av sentralstyret i partiet. Ho var vararepresentant til Stortinget i 2009–17 og møter fast for Erna Solberg i perioden 2017–21. På Stortinget er ho medlem av energi- og miljøkomiteen.

Næringsliv er det viktigaste politiske interessefeltet hennar, og ho er særleg oppteken av rammevilkåra til industrien på Vestlandet.

Eskeland har mange styreverv. Ho er styreleiar i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) (frå 2014) og styremedlem i mellom anna Språkrådet (frå 2016), Bremnes Fryseri (frå 2016) og Norsk kulturskoleråd (frå 2012). Eskeland er nynorskbrukar og blir referert på nynorsk i Stortinget.

Kjelder

Liv Kari Eskeland, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=LIE [lesedato 15.3.2018]

Liv Kari Eskeland, profil på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/liv-kari-eskeland-b052786a/ [lesedato 15.3.2018]

Peikarar

Magnus Berning: «Investerer for flere hundre millioner», h-avis.no, publisert 2.8.2016 

Egil Hofsli:«Kulturskolerådets kvinne på Stortinget», kulturskoleradet.no, publisert 12.9.2017 

Truls Horvei og Einar Tho: «Høyres Liv Kari Eskeland blir Erna-vikar», h-avis.no, publisert 11.9.2017 

Jonas Sætre: «Liv Kari Eskeland skal jobbe med energi og miljø: – Eg er fantastisk fornøgd», stord24.no, publisert 5.10.2017 

«Nytt styre i Språkrådet», regjeringen.no, pressemelding 18.12.2015 

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 14.05.2018