Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Enstad

Ola Enstad, nyskapande og kontroversiell biletkunstnar som gjorde seg synleg i det offentlege rommet, både i Noreg og internasjonalt.

Ola Enstad var fødd 10. november 1942 i Lesja i Oppland og døydde 2. august 2013 i Oslo. Han starta utdanninga si på arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim, men etter ei tid gjekk han over til keramikklinja ved Statens handverks- og kunstindustriskole i Oslo, der han studerte frå 1967 til 1969. Deretter kom han til Statens kunstakademi, der han studerte aktmodellering og portrettering under Per Palle Storm fram til 1973. Sidan arbeidde han som skulptør og biletkunstnar.

 

Enstad sin kunst står i opposisjon til den tradisjonelle portrett- og monumentkunsten. Han synte eit kritisk blikk mot maktovergrep, einsretting og framandgjering, noko som vert understreka av dei fleirtydige titlane på mange av arbeida hans. Med ironi og svart humor framstilte han fantasiskapningar og menneskefigurar innesperra i klaustrofobiske drakter eller rom. Maskeaktige, mimikklause hovud var motiv han stadig vende attende til. Enstad nytta ulike materiale, mellom anna stål, betong, silikon og epoksy.

 

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri


Den første separatutstillinga heldt han i Kunstnerforbundet i Oslo i 1973. Han hadde seinare fleire separatutstillingar både utanlands og i Noreg, mellom anna ved Hå gamle prestegard i Rogaland våren 2012, med framvising av skulpturar og fotomontasjar laga i Chongqing og Beijing. Enstad har elles vore med på ei rekkje gruppeutstillingar rundt om i verda.

 

Eit «gesamtkunstverk» av ei biletbok frå 1997, som tek for seg ein serie av Enstad sine skulpturar, har den ironiske tittelen Den endelege løysinga på skulpturproblemet. Innleiinga er av Jon Hellesnes, og boka inneheld bidrag av Kjartan Fløgstad. Enstad sjølv skreiv etterordet. Han er òg representert med eit essay, «I gamle dagar», om møtet med kunstnaren Konrad Mehus, i ei bok om han frå 2012.

 

Enstad var styremedlem i Norsk Billedhuggerforening (NBF) i eit år frå 1976. Han fekk fleire prestisjetunge offentlege utsmykkingsoppdrag i Noreg, mellom dei ved Universiteta i Tromsø og Stavanger, og saman med Bård Breivik har han laga veggrelieff til Nationaltheatret stasjon i Oslo (1980). Enstad er representert i Museu de Arte Moderna i Sao Paulo og i dei fleste større norske kunstmuseum, mellom anna Nasjonalmuseet og Bergen Billedgalleri. I 1977 vann han 1.‑ og 2.‑premie i Norsk kulturråds konkurranse om skulpturar i leikemiljø. Han fekk statens garantiinntekt for kunstnarar frå 1990.

 

Kjelder

Stig Andersen: «Ola Enstad», Norsk kunstnerleksikon. Oslo 1982

Trond Borgen: «Ugjennomtrengelig skallekraft», Stavanger Aftenblad 9.3.2012

Ola Enstad: Den endelege løysinga på skulpturproblemet. Med tekstar av Jon Hellesnes og Kjartan Fløgstad. Oslo 1997

Ola Enstad: «I gamle dagar», i Jorunn Veiteberg (red.): Konrad Mehus. Form følgjer fiksjon. Smykke og objekt. Stuttgart 2012

Harald Flor: «Antimonumenter over maktens representanter», Samtiden nr. 3/1979

Jorunn Veiteberg (red.): Konrad Mehus. Form følgjer fiksjon. Smykke og objekt. Stuttgart 2012

 

«Ola Enstad», CV hos Kunstnerforbundet: http://www.kunstnerforbundet.no/kunstnere/348;Ola-Enstad [lesedato 25.6.2012]

 

Peikarar

Bibliografi på oria.no

Først publisert: 17.04.2018
Sist oppdatert: 17.04.2018