Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Ekornes d.e.

Ole Ekornes er ein av dei som har laga flest faner i Noreg. I 1935 er det sagt at han leverte si 678. fane. Av desse var fire leverte til Amerika og ei til London. Fleire av fanene var broderte, men dei fleste var måla.

Ole Elias Ekornes d.e. blei fødd 3. juli 1868 i Sykkylven og døydde 2. februar 1940 i Oslo, der han budde resten av livet. Ekornes er utdanna frå Holmøys statsundersøttede Arbeidsskole i Nordfjord, Aalesunds offentlige Tegneskole og gjekk frå 1893 til 1895 på Kunst- og Håndverksskolen i Kristiania. . Han tok sveineprøve i 1899.

Same året og måla  han si første fane; for eit songkor han var med i. Han dreiv eige atelier i same bygard som kaffistova. Han nytta sjølv tittelen «fane-, skilt- og dekorasjonsmalar».  

Ekornes var med i Bondeungdomslaget i Oslo og skipa saman med Klaus Sletten den einaste mållosjen i Oslo: Tjodlaug.

Utdrag frå Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med Noregs Ungdomslag 2017. 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 12.12.2017