Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Ekornes d.y.

Ingen måla fleire faner for den frilynde ungdomslagsrørsla enn Ole Ekornes d.y.

Ole Karl Ekornes vart fødd i 1922 i Oslo og døydde i 2004 i den same byen. Han er son av den kjende fanekunstnaren Ole Ekornes d.e., og starta tidleg som hjelpegut for faren. Han tok til som læregut i 1937. Då faren døydde i 1940 mista familien bustaden der dei også hadde atelier. I 1940–1945 arbeidde Ekornes d.y. som bygnings- og skiltmålar hjå ei rekkje ulike firma i Oslo samstundes som han var aktiv i Milorg avd. 13. I 1945 tok han handverksbrev som målarmeister. I 1969 begynte Ekornes i NRK, som leiar av målarsalen i fjernsynet, der han var tilsett i om lag 20 år. Ekornes var også folkedansar og mykje brukt som danseinstruktør i Noregs Ungdomslag. Han har vore illustratør i mange lærebøker, med anna i lærebøkene i folkedans som Noregs Ungdomslag har gitt ut.

Han titulerte seg, som sin far, som «Fane-, skilt- og dekorasjonsmalar». Han leverte også ein del faner som var broderte. Då teikna han alt i full storleik med alle detaljar og tok ut fargane saman med den som utførte maskinbroderiet.

I 1996 fekk han kongens fortenstemedalje for tenestegjeringa under andre verdskrigen, og hans innsats for ungdomslagsrørsla og fanekunsten. 

Utdrag frå Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med Noregs Ungdomslag 2017. 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 12.12.2017