Hopp til innhold
Torill Eidsheim. Foto: Stortinget.
Torill Eidsheim. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Torill Eidsheim

Torill Eidsheim, grafisk formgivar og stortingsrepresentant frå Høgre, er ein av mange stortingsrepresentantar som er meir synleg på bedriftsbesøk, komitémøte og partihendingar enn i media.

Torill Eidsheim er fødd 8. april 1970 i Lindås i Hordaland. Ho gjekk på Lindås gymnas i 1986–90, med eit utvekslingsår i USA. Seinare har ho teke utdanning i visuell kommunikasjon på Garnes vidaregåande skule (1991–94) og webdesign, organisasjonspsykologi og leiing ved Høgskolen i Bergen og Handelshøyskolen BI.

Mesteparten av yrkeslivet har Eidsheim arbeidd i reklamebransjen. Ho var assistent i Eknes Designbyrå i 1994–95 og kunstnarisk leiar i Eknes og Scholz Reklamebyrå i 1995–97. Ho arbeidde deretter eitt år som frilans formgivar, før ho var marknadskonsulent i avisa Hordaland i 1998–2003. Frå 2003 til 2010 var ho marknadssjef i Hillesvåg Ullvarefabrikk og frå 2010 dagleg leiar i Skram Media.

Som ungdom var ho medlem i Nordhordland Unge Høgre. Ein periode (1999–2003) sat ho i Radøy kommunestyre for Høgre. Ho var medlem av fylkestinget i Hordaland i 2007–11, og då var ho fraksjonsleiar for Høgre i samferdselsutvalet. Sidan 2011 er ho nestleiar i Hordaland Høgre.

Som stortingsrepresentant har ho vore medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen (2013–17) og helse- og omsorgskomiteen (2017–21). Ho har vore saksordførar for fleire saker som handlar om digital infrastruktur og IKT-system for samferdsel og helsevesen. Eidsheim har vore kritisert for å vere lite synleg i media og seier sjølv at ho bidreg til politikkutvikling på anna vis. Ho er aktivt med på bedriftsbesøk, kommunebesøk og arbeider med sakshandsaminga internt i komiteen på Stortinget. Ho er òg aktiv i fylkespartiet i Hordaland, både som tillitsvald og som aktivist.

Eidsheim blir referert på nynorsk på Stortinget.

Kjelder

Dag Bjørndal: «Torill fann lykka på Stortinget», Avisa Nordhordland 2.9.2017

Torill Eidsheim, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TOE [lesedato 21.8.2018]

Først publisert: 12.02.2019
Sist oppdatert: 12.02.2019