Bjarne Fidjestøl
Bjarne Fidjestøl, tidsskriftredaktør, språk- og litteraturforskar. Knapt nokon har i seinare tiår formidla norrøn språk- og litteraturhistorie med større tyngd og språkleg presisjon.
Olaus Fjørtoft
Olaus Fjørtoft
Olaus Johannes Amundsen Fjørtoft er ein av dei mest interessante og originale personane i nynorsk kulturhistorie. Han var matematikar, skribent og politisk agitator, og var ytterleggåande både i kristentru, sosialisme og målsak. Berre 14 år gamal gav han ut ei lærebok i praktisk rekning.
Knut Fortun
Knut Fortun, informasjonssjef og ungdomslagsmann. Aldri hadde Noregs Ungdomslag fleire medlemer enn i hans tid som dagleg leiar i organisasjonen.
Unni Fortun
Unni Fortun, avdelingsdirektør og ungdomslagskvinne. I 1983 blei ho som den første kvinna vald til leiar i Noregs Ungdomslag.
Jon Fosse
Jon Fosse
Jon Olav Fosse, forfattar, dramatikar og omsetjar, ei særmerkt røyst i ny norsk litteratur. Fosse fekk i 2015 Nordisk råds litteraturpris for Andvake-trilogien.
Halvdan Freihow
Halvdan Wexelsen Freihow, prest og ungdomslagsleiar.
Gabriel Frøholm
Gabriel Frøholm
Gabriel Andersson Frøholm, sivilingeniør og major. Ein meiningssterk og framsynt talsmann for moderne vegløysingar og ein stilsikker skribent som hadde sin standardkommando når han ikkje fann gode nynorske avløysingsord for militære kommandoar: ”Gjev gaum!”
Narve Fulsås
Narve Fulsås, historikar og forskar ved Universitetet i Tromsø som har arbeidd særleg med nyare tids kultur- og mentalitetshistorie.
Berge Furre
Berge Furre
Berge Furre, historikar, politikar og teolog. Som samfunnsengasjert, kristeleg sosialist var han med på både å skape og å skrive noregshistorie.
Einar Førde
Einar Førde
Einar Førde, kringkastingssjef og ein av dei mest markerte Arbeidarparti-politikarane etter 1945.
Erling Folkvord
Erling Folkvord
Erling Folkvord, politikar for partiet Raudt. Han er den einaste som har representert det tidlegare partiet Raud Valallianse (RV) på Stortinget. Gjennom eit sterkt engasjement har han oppnådd å verte høgt respektert også av mange politiske meiningsmotstandarar.
Håkon Fimland
Håkon Fimland, lærar, idrettsutøvar, politikar og kulturarbeidar.
Oddleif Fagerheim
Kåre Flokenes
Oddvar Flæte
Oddvar Flæte
Oddvar J. Flæte, fylkesmann i Sogn og Fjordane. Han har ei tidlegare karriere innanfor industrien i fylket, NSB og ymse typar konsulentverksemd.
Julius Fure
Julius Andreas Fure, høgrepolitikar frå Selje som sette sterke spor etter seg, ikkje minst i det fylkespolitiske arbeidet i Sogn og Fjordane.
Halvdan Furholt
Bjarne Halvdan Furholt, lærar, målmann og spelemann.
Stefan Frich
Stefan Frich
Stefan Frederik Frich var skulemann, avismann og forfattar, som omsette den første barneboka til landsmål – og den andre islandske ættesoga.
Aud Folkestad
Aud Folkestad, lektor, kulturarbeidar og venstrepolitikar frå Møre og Romsdal.
Rasmus Flo
Rasmus Jørgensen Flo, filolog, lærar, språkrettar, omsetjar og tidsskriftredaktør. Han gjorde hovudarbeidet med tidsskriftet Syn og Segn dei første åra.
Gabriel Fliflet
Gabriel Fliflet
Gabriel Fliflet, norsk musikar, songar, komponist og folkemusikkentusiast som kryssar dei fleste musikalske landegrenser.
Stein Fossgard
Stein Fossgard, folkehøgskulestyrar, seinare tilsynsmann for folkehøgskulane, i mange år mellom dei fremste tillitsmenn i fråhaldsrørsla.
Erik Fossåskaret
Erik Fossåskaret, kultursosiolog med særleg kunnskap om stad, region, identitet og kulturelle endringsprosessar på Vestlandet, i Hardanger, Rogaland og Ryfylke.
Leiv Flydal
Leiv Flydal, språkforskar og professor i romansk filologi. Han var ei særmerkt røyst i norsk språkvitskap.
Lars Fykerud
Trond Flatebø
Trond Isaksen Flatebø, felemakar frå Hardanger, son av Isak Botnen.
Osmund Faremo
Håvard Flo
Håvard Flo, tidlegare profesjonell fotballspelar frå Stryn, no sportsleg leiar for Sogndal IL.
Arne Falk
Arne Falk, journalist og redaktør, som arbeidde i pressa i 60 år, det meste av tida i nynorske aviser og blad.
Trygve Fosstveit
Trygve Fosstveit, kringkastingsmann og folkeopplysningsmann. Han arbeidde i over 30 år i undervisningsradioen i NRK og var drivkrafta bak radiokurs i nordsamisk.
Hans Fykerud
Hans Hanson Fykerud, spelemann frå Telemark som vart konsertartist og krovert i USA.
Ingemund Fænn
Ingemund Fænn
Ingemund Fænn, pressemann og lokalpolitikar. Han byrja som redaktør i avisa Fjordingen i Stryn og vart den siste «Venstre-redaktøren» i Bergens Tidende.
Jan Terje Faarlund
Jan Terje Faarlund, språkforskar og professor. Han var med og skreiv Norsk referansegrammatikk, den største grammatikken som er utgitt for norsk språk.
Ola Five
Ole («Ola») Olsen Five, skulemann, venstrepolitikar og skyttarlagsorganisator. Han var hovudmannen bak folkevæpningsrørsla i 1880-åra.
Ranveig Frøiland
Ranveig Frøiland
Ranveig Hjørdis Frøiland var fullmektig, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, statsråd, riksrevisor og styreleiar i Helse Bergen HF.
Kjartan Fløgstad
Kjartan Fløgstad
Kjartan Fløgstad, diktar, essayist og gjendiktar, er ein av dei mest omtykte og prislønte forfattarane i nyare norsk litteratur.
Ragnhild Sælthun Fjørtoft
Ragnhild Sælthun Fjørtoft
Ragnhild Sælthun Fjørtoft, programmedarbeidar og programvert i NRK i 45 år, frå 1969 til ho gjekk av med pensjon i 2014. Ho har vore ein tydeleg og konsekvent brukar av nynorsk i riksmedia.
Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa, lektor og politikar for Sosialistisk Venstreparti, tidlegare leiar av Sosialistisk Ungdom og statssekretær i Utanriksdepartementet.
Jan Olav Fretland
Jan Olav Fretland
Jan Olav Fretland er fagbokforfattar og dosent i norskdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet. Han har vore sentral i arbeidet med norsk språkrøkt gjennom tre tiår.
Åsmund Farestveit
Åsmund Farestveit, teolog, sokneprest og romanforfattar frå Voss med lidenskap for nynorsken. Kombinasjonen av kristentru og livet på Vestlandet utgjorde grunnlaget for forfattarskapen.
Kaare Fostervoll
Kaare Fostervoll
Skulemannen, politikaren og målmannen Kaare Fostervoll var den første kringkastingssjefen i NRK og mannen som fekk fjernsynet til Noreg.
Johannes Farestveit
Johannes Farestveit var forleggjar med teft for omsette nynorske spenningsbøker for born. Mest kjend er han som redaktør i Norsk Barneblad, dessutan var han teikneserieforfattar og omsetjar.
Knut Magne Flølo
Knut Magne Flølo
Knut Magne Flølo, elektrikar, gründer, tidlegare ordførar i Vestnes kommune og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Møre og Romsdal. Han møter fast som representant for landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Torgeir Knag Fylkesnes
Torgeir Knag Fylkesnes
Torgeir Knag Fylkesnes, filosof, kommunikasjonsrådgivar og stortingsrepresentant for SV, som har profilert seg som talsmann for eit kystoppgjer i Nord-Noreg.
Signy Fardal
Signy Fardal
Signy Fardal, journalist, redaktør og rådgivar. Ho markerte seg tydeleg i norsk motepresse som redaktør for den norske utgåva av motemagasinet Elle i 20 år.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun, filolog og forfattar som framsnakkar mangfaldet i det norske språket. Som transperson har ho vore ei tydeleg stemme i ordskiftet om å få bruke pronomenet «hen».
Halvor Folgerø
Halvor Folgerø
Halvor Folgerø, journalist, musikar og humorist. I tospann med Finn Tokvam har han fornya vestlandshumoren gjennom radioprogram, bøker, revyar og musikalske innslag.