Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Fykerud

Hans Hanson Fykerud, spelemann frå Telemark som vart konsertartist og krovert i USA.

Fykerud var fødd 20. november 1862 i Sauherad og voks opp der. Han døydde 27. oktober 1942. Kjeldene fortel lite om læremeistrar, men han har sannsynlegvis lært felespel av far sin, spelemannen Hans G. Fykerud den eldre («Gamle-Hans», 1823–79), og fått musikalske impulsar av mora, fløytespelaren Torbjørg Fykerud.
Hans Fykerud og den meir kjende broren Lars var mellom dei første som gjorde konsertspel til ein leveveg mellom felespelarar. Han skapte ein ny konsertsjanger, der han opptredde i ein sjølvlaga konsertbunad, sette nye namn på slåttane og prenta program. Han gjennomførte fleire turnear på Aust- og Vestlandet i Noreg, seinare også i USA. I tillegg til tradisjonsstoff frå Telemark framførte han ofte nyskrivne nasjonalromantiske programstykke, som «Budeiene på Vikafjell» av Sjur Helgeland. Spelet til Fykerud låg på eit teknisk avansert nivå og var høgt verdsett av spelemenn som Helgeland.
Fykerud budde ein lang periode av livet sitt i USA (ca. 1890–1937), der han livnærte seg ikkje berre som spelemann, men òg som krovert.
Kjelder
Arne Bjørndal og Brynjulv Alver: – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon. Bergen 1966
Torleif Trykkerud: «Hans Hanson Fykerud», Årbok for norsk folkemusikk 1994

Først publisert: 23.09.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013