Hopp til innhold

Anetta Garathun

Anetta Garathun, lærar, forleggjar og annonsesjef. Ho var den første kvinnelege forleggjaren med nynorskbakgrunn og var forleggjar for mellom anna Per Sivle.

Les meir om Anetta Garathun

Ågot Gammersvik

Ågot Gammersvik, etnolog og museumsarbeidar. Dei siste tiåra har ho arbeidd seg fram til ein av dei mest framtredande posisjonane i den norske museumsverda.

Les meir om Ågot Gammersvik

Anne Gullestad

Anne Gullestad, skodespelar, instruktør og teatersjef. Gullestad var særleg oppteken av å formidle teaterkunst ute i distrikta og gjekk i bresjen for å opprette regionteater i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Les meir om Anne Gullestad

Eivind Groven

Eivind Groven, komponist, musikkforskar og folkemusikksamlar. Han var programleiar i Folkemusikkhalvtimen, komponerte pause- og kjenningssignalet på NRK Radio og laga arrangementet til Arnulf Øverlands dikt «Om kvelden».

Les meir om Eivind Groven

Paul Martinus Gjærder

Paul Martinus Gjærder, sjølvlærd bladmann og boktrykkjer som stor i fremste rekkje blant idealistane som bygde grunnmuren til den nynorske pressa på slutten av 1800-talet.

Les meir om Paul Martinus Gjærder

Håvard Gibøen

Håvard Knutson Gibøen, spelemann og gardbrukar frå Telemark, den sentrale figuren i ei av dei viktigaste tradisjonslinene i norsk folkemusikk.

Les meir om Håvard Gibøen

Frode Grodås

Frode Grodås er ein norsk fotballtrenar og tidlegare profesjonell fotballspelar. Han har 50 A-landskampar for Noreg som målvakt og er rekna som ein av bærebjelkane på landslaget under stordomstida på 90-talet.

Les meir om Frode Grodås

Ivar Grøvik

Ivar Grøvik var målmann, folketalar og lokalhistorikar. Grøvik gjorde kultursoga om Sunnmøre til livsoppgåve og brukte store delar av livet sitt på ungdomslagsrørsla.

Les meir om Ivar Grøvik