Hopp til innhold

Peder Hovdan

Peder Elenus Hovdan, lærar og kulturhistorikar. Han dokumenterte utbreiinga av nynorsk skriftkultur på mest alle område i eit halvt hundreår.

Les meir om Peder Hovdan

Olaf Huseby

Olaf Huseby, sogning og stridsmann, kremmar og idealist, radikal bokhandlar og forleggjar, først i Kristiania, så i Amerika. Han var impulsiv og initiativrik, men ikkje heilt enkel å samarbeide med.

Les meir om Olaf Huseby

Per Håland

Per Håland, journalist og redaktør. Med den store teaterinteressa si melde han truleg fleire premierar på Det Norske Teatret enn nokon annan kritikar.

Les meir om Per Håland

Andreas Haavoll

Andreas Johannes Haavoll, bankmann og redaktør. I til saman over førti år var han redaktør i den viktigaste nynorskavisa for vaksne og det einaste nynorskbladet for barn.

Les meir om Andreas Haavoll

Daniel Helset

Daniel Matias Helset, journalist og redaktør i avisa Morgenposten og fleire fagblad. Helset starta og dreiv det første nynorske pressebyrået gjennom meir enn ein mannsalder.

Les meir om Daniel Helset

Vidar Høviskeland

Vidar Høviskeland har frå 1998 vore dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Han er også styreleiar i stiftingane Magasinett og Pirion, og han sit i styret i Det Norske Teatret (vara) og i Hordaland Teater.

Les meir om Vidar Høviskeland

Peter Hallaråker

Peter Hallaråker, namnegranskar som med utgivinga av handbok om namneinnsamling har hjelpt historielag og andre namneinteresserte i gang med innsamling av stadnamn.

Les meir om Peter Hallaråker

Leiv Heggstad

Leiv Heggstad, rektor, nynorskgrammatikar og ordboksmann. Han var med og skipa det første studentmållaget, la planar for ei mållov og gav ut fleire debattskrifter om nynorsk.
Les meir om Leiv Heggstad

Brage Høyem

Brage Høyem var lærar og prest fleire stader i Noreg. Han var oppteken av utdanning og norskdomsarbeid, og han gjorde ein stor innsats for opprettinga av landsgymnaset i Orkdal.

Les meir om Brage Høyem

Torolv Hesthamar

Torolv Hesthamar, lokalpolitikar, eldsjel i mål- og kulturarbeid, stilsikker skribent og god talar, ofte med snert. Han var ei drivkraft bak skipinga av Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK).

Les meir om Torolv Hesthamar

Johannes Haarklou

Johannes Haarklou, komponist og organist, sentral i norsk musikkliv i perioden 1880–1925. Han komponerte operaer, kjempa for operasaka og var ein skarp musikkskribent og kritikar i hovudstaden.

Les meir om Johannes Haarklou

Johannes Helleland

Johannes Helleland, ordførar og stortingsmann for Venstre. Han starta den første folkehøgskulen på Vestlandet og var ei drivkraft i opplysningsarbeidet i 1870- og 80-åra, trass i mykje motgang.

Les meir om Johannes Helleland

Tone Hulbækmo

Tone Hulbækmo, songar, komponist og arrangør, som har vore ein pioner i å formidle tradisjonsstoff i utradisjonelle og sjangerkryssande utformingar.

Les meir om Tone Hulbækmo

Jakob Haraldseid

Jakob Johan Haraldseid var lærar, skribent og organisator i målrørsla og ungdomslaga på Austlandet. Gjennom godt informasjonsarbeid knytte han rørsla saman og etterlét seg viktig faktakunnskap for ettertida.

Les meir om Jakob Haraldseid

Sjur Helgeland

Sjur Helgeland, tradisjonsbunden folkemusikar og komponist frå Voss. Han skaffa seg tidleg eit ry som meisterspelemann ved å dra på spelferder og ved å halde konsertar.

Les meir om Sjur Helgeland

Lars Holst

Lars Kristian Holst, pressemann og Venstre-politikar. Han skreiv i dei tidlege målblada og var ein sterk redaktør i Dagbladet.

Les meir om Lars Holst

Ingjald Haaland

Ingjald Haaland, skodespelar og teatersjef ved Det Norske Teatret i elleve år. Haaland etablerte den tradisjonen som har prega teatret sidan, med lette folkekomediar og avantgardistisk teater side om side.

Les meir om Ingjald Haaland

Helga Hjetland

Helga Kjellaug Hjetland, adjunkt og i mange år markant leiar av Utdanningsforbundet, som er Noregs tredje største arbeidstakarorganisasjon, med omlag 170 000 medlemer.

Les meir om Helga Hjetland

Nils Hidle

Nils Hidle, journalist og sosialantropolog som har gjort ein monaleg innsats for det frivillige barne- og ungdomsarbeidet i Noreg.

Les meir om Nils Hidle

Alf Holmelid

Alf Holmelid

Alf Egil Holmelid, sivilingeniør, forskingsdirektør ved Universitet i Agder. Stortingsrepresentant 2009—13, som den første stortingsrepresentanten for Sosialistisk Venstreparti frå Sørlandet nokon gong.

Les meir om Alf Holmelid