Frå 1870 via Hansteen livet sitt til kvinnesaka. Glødande og energisk gjekk ho til verks, men det eksentriske vesenet og den kompromisslause veremåten skaffa ho mange fiendar.
John Stuart Mill si bok The Subjection of Women (1869, dansk utgåve av Georg Brandes same år: Kvindernes Underkuelse) fekk stor betydning for Hansteen. Ho vart engasjert i kvinnesaka og skreiv ei rekkje avisinnlegg, pamflettar og polemiske skrifter. I februar 1871 skreiv ho, for første gong under fullt namn, artikkelen «Kvindens stilling i Verda». Dette var eit oppgjer med den alminnelege kristelege oppfatninga om at den underordna stillinga for kvinna var ein del av Guds skaparplan.
I si første bok om kvinnespørsmålet, som Hansteen òg rekna som hovudverket sitt, Kvinden skabt i Guds billede frå 1878, gjekk ho hardt ut mot «hankjønnstyranniet», som ho hevda vart styrt av kyrkja. I boka argumenterte ho for at dersom kvinna var skapt i Guds bilete på linje med mannen, burde ho òg ha dei same rettane. Hansteen sine påstandar førte til ein hard strid med teologane, og resulterte til slutt i at ho melde seg ut av statskyrkja.
Hansteen heldt ei rekkje foredrag i Christiania, København og Stockholm. Føredragsturneen i framkant av bokutgjevinga i 1878 skapte mange diskusjonar, sidan ho som kvinne skulle tale offentleg. Inga kvinne hadde gjort noko slikt før, og ho vart skyteskive for ironi og hån frå borgarskapet. Hansteen utfordra og overskreid også grensene for kva ei kvinne kunne tillate seg i Noreg mot slutten av 1800-talet i ein eigen levemåte. Ho frekventerte kafear, og levde eit sosialt liv som vart rekna som usømmeleg og umoralsk for kvinner.
I 1875 tok ho offentleg i forsvar ei svensk baronesse som hadde skrive ei skulding mot ein norsk student fordi han forlét henne då ho skulle føde barnet hans. Hansteen skreiv brosjyrar og opne brev, og danna ei kvinnegruppe som offentleggjorde namnet til studenten. Dette var fullstendig sosialt uakseptabelt. Både på grunn av denne skandalen og engasjementet sitt i kvinnesaka vart ho offer for spott og latter, og fekk eit rykte som mannevond og vanskeleg.
Kommentarar (2)
skreiv Bjørnulf Aasen
I teksten under Oda Krohgs portrett er navnet feilstavet Krogh to ganger.
svarte Erik Bolstad
Tusen takk!
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.