Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Hompland

Andreas Hompland, sosiolog og kommentator. Han bruker begge målformer, men skriv aldri på bokmål dersom han får bruk for pronomenet eg.

Hompland er fødd i Kvinesdal 18. september 1946. Etter at han blei mag.art. i sosiologi i 1975 med den 4,7 kg tunge avhandlinga To-kyrs industriarbeidarar i streik, har skribenten Hompland særleg dyrka kortformene kåseri og petitartikkel. Han var sommarvikar i Dagbladet frå 1971, fast tilsett 1975–80, og i 1985–86 var han kulturredaktør i avisa.
 
Hompland har publisert tekstar på begge målformer, men det har vist seg uråd for han å bruke forma jeg, og som spaltist er nynorsk i hans eiga tapping blitt verande hovudmålet hans. Saman med Jahn-Arill Skogholt gav han ut Ein målstrid i Bygde-Norge (1974). Seinare har han mellom anna skrive fleire lærebøker i samfunnsfag, Sogndal e’ laget! (1982), redigert Scenarier 2000 (1987) om framtidsmodellar for Noreg, vore redaktør i tidsskriftet Plan og arbeid / Plan 1990–99 og vore medforfattar i boka Årdal (1997).
 
Hompland var leiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening 1993–94 og leiar av fordelingsstyret i Kopinor 2002–06.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Dagbladet: spesialutgåve. 18.9.1996

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013