Hopp til innhold
Anne Karin Hamre. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (pressefoto).
Anne Karin Hamre. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (pressefoto).
X
Innhald

Anne Karin Hamre

Anne Karin Hamre, statsvitar, journalist og leiar i offentleg sektor. Frå hausten 2018 er ho ekspedisjonssjef for regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Anne Karin Hamre er fødd 15. august 1965 i Leikanger i Sogn og Fjordane, og ho bur i Sogndal. Ho var elev ved Sogndal gymnas i 1981–84 og er utdanna cand.polit. med hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap frå universitetet i Bergen i 1997, med ei oppgåve om forvaltning og politikk for svake grupper på arbeidsmarknaden i Noreg og Danmark. Hamre har i tillegg sosiologi grunnfag frå Universitetet i Bergen og bedriftsøkonomutdanning frå BI i 1986–87 i fagkrinsen.

Ho arbeidde som journalist i avisa Sogn og Fjordane i 1988–89, i Bergens Tidende i 1992–93 og i NRK Sogn og Fjordane. Dessutan har ho arbeidd med forskingsformidling for Vestlandsforsking og undervist ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i 1997. I 1998 blei ho tilsett hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, først som rådgivar, frå 2006 som administrasjonssjef og frå 2008 som assisterande fylkesmann. I 2011 blei ho utnemnd til fylkesmann i Sogn og Fjordane for ein periode på seks år. Ho blei forlenga fram til samanslåinga med Fylkesmannen i Hordaland 1.1.2019, men avslutta arbeidet i august 2018 då ho byrja som ekspedisjonssjef for regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Anne Karin Hamre har hatt og har fleire verv, mellom anna var ho leiar av Pelsdyrutvalet i 2013–14, og ho er medlem av nasjonalt utval for busetjing av flyktningar (2014–17) og styreleiar for Veterinærinstituttet (2015–18).

Kjelder

Om Anne Karin Hamre på heimesida til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, fylkesmannen.no: https://www.fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjordane/Om-oss/ [lesedato 29.9.2016]

Anne Karin Hamre sin profil på LinkedIn: https://no.linkedin.com/in/anne-karin-hamre-b0422012 [lesedato 29.9.2016]

Peikarar

Firda Tidend: «Fylkesmannen føreslår nye kommunar»

Firdaposten: «Anne Karin Hamre vert ny fylkesmann»

LNK Nytt: «– Eg brenn for fylket mitt

Først publisert: 22.03.2017
Sist oppdatert: 01.08.2018