Hopp til innhold
Foto: Creuna/ CF Kolonihaven, Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: Creuna/ CF Kolonihaven, Flickr.com CC BY-NC-SA
X
Innhald

Arne Hjeltnes

Arne Hjeltnes, konsernsjef, forfattar, folkekjær og allsidig programleiar på NRK og TV2 og høgrepolitikar.

Arne Hjeltnes er fødd 9. august 1963 i Kristiansand i Vest-Agder, hadde store delar av oppveksten på Voss i Hordaland og bur no i Bærum. Han tok vidaregåande skule på Voss i 1979–82, tok delar av siviløkonomstudiet ved BI i 1982–86 og studerte berekraftig forretningsdrift ved University of Cambridge i 2008–09.
Han var marknadskonsulent i Sparebankforeningen i 1985–87, tekstforfattar i reklamebyrå, programleiar i NRK og TV2 i 1990–2003, før han blei representant for Eksportutvalet for fisk (no Sjømatrådet) i Hongkong i 2003–05. I 2005–07 arbeidde han for Innovasjon Noreg i New York, i 2007–08 var han kommunikasjonsdirektør i Marine Harvest, og frå 2008 er han konsernsjef for det skandinaviske digitale kommunikasjonsselskapet Creuna.
TV-karrieren starta i 1990, då Hjeltnes hadde innslag med «Ærlege Arne» i programmet Hotell på NRK og var programleiar for Herreavdelingen i NRK P1 ein periode midt i 1990-åra. Då TV2 starta sendingane sine i 1992, var han promotasjons- og presentasjonssjef. Frå 1994 til 2002 var han programleiar i TV2-programmet Gutta på tur, der også Bjørn Dæhlie, Vegard Ulvang og Arne Brimi var med. I 2009 var han tilbake på TV-skjermen i NRK som programleiar for dokumentarserien om norske sjøfolk, Vår ære og vår makt, og i 2012 saman med Heine Totland i mat- og underhaldningsprogrammet Det norske måltid på TV2. 1 2013 var han programleiar for NRK-serien Arkeologene.
Hjeltnes har gitt ut ei rekkje bøker i mange ulike sjangrar. Han hadde ei diktspalte i studentavisa Inside medan han studerte, og han debuterte med diktsamlinga Den sumaren eg fylte diesel i 1993. Saman med Arne Brimi har han mellom anna gitt ut kokeboka Utan mat og drikke (1995). Reiseguiden Turen går til utlandet kom i 1996. I samband med programmet Gutta på tur kom det to bøker, Gutta på tur i 1997 og Guttas greatest i 2001. Mysterier fra fortiden (2001), som han gav ut saman med Øystein Kock Johansen, handlar om arkeologiske gåter frå heile verda. Barn – ingen hindring (2002), om turar med foreldre og barn, skreiv han saman med Cathrine Gehrken. Han gav ut romanen Ivar Nimme, om ein ungkar og grisebonde, i 2010 og kokeboka Helt på kjøkkenet i 2012.
Hjeltnes var leiar for Voss Unge Høgre i 1980-åra og blei vald inn i sentralstyret til Høgre i 2010. Politisk vil han arbeide for meir kommunalt sjølvstyre, mindre byråkrati og statleg styring, og han vil ha obligatorisk opplæring i sidemål i skulen.
Han starta eige firma, Arne Hjeltnes AS, i 1991. Hjeltnes har ein eigarpost i Kagge Forlag og var ei tid styreleiar i forlaget. Han er fast skribent i Dag og Tid. Hjeltnes var styremedlem i Marine Harvest i 2006–07 og er styreleiar i Voss of Norway. Han fekk prisen som Folkets favoritt under Gullruten 1998 og prisen for beste programleiar under Gullruten i 1998 og 2000. I 2003 fekk han Kringkastingsprisen for dialektbruken sin.
Kjelder
Biografi om Arne Hjeltnes, nrk.no: http://www.nrk.no/programmer/radio/stjerneklart/1.6256520 [lesedato 9.1.2014]
Om Arne Hjeltnes hos Norsk Artist Formidling, artistformidling.no: http://artistformidling.no/?page_id=54 [lesedato 5.1.2014]
Ragnhild Meland: «– Hva skjer når oljen vår er oppbrukt?», studenttorget.no, publisert 14.3.2012: http://www.studenttorget.no/index.php?show=5195&expand=3797,5195&artikkelid=10763 [lesedato 5.1.2014]
Peikarar
«Han skal på skattejakt for NRK», nrk.no

Først publisert: 31.03.2014
Sist oppdatert: 24.07.2014