Hopp til innhold

Fredrik Hope

Fredrik Hope, tidlegare leiar i Norsk Målungdom. Han har arbeidd for at alle i ungdomsskulen skal kunne få god opplæring i både nynorsk og bokmål.

Fredrik Hope er fødd 12. oktober 1993 i Hyen i Gloppen. Han bur i Oslo. Etter Firda vidaregåande skule (2009–12) og Toneheim Folkehøgskole (2012–13), tok han bachelorgraden i retorikk og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo (2013–17). Han var leiar i Norsk Målungdom (2017–19) og har arbeidd som administrasjonssekretær i Det Norske Samlaget (2019–20) og rådgivar i Nynorsk kultursentrum (frå 2020). Han har vore medlem av målpolitisk råd hos Det Norske Teatret sidan 2019.

Hope har vore leiar for Firda Målungdom og Studentmållaget i Bergen. Han vart vald inn i sentralstyret for Norsk Målungdom i 2014, og var leiar frå 2017 til 2019. Hope har vore sentral i arbeidet for at det skal verte lagt betre til rette for dei som har nynorsk som førstespråk. Som leiar i målungdomen var han oppteken av behovet for ei ny opplæringslov, med ein lovfesta rett til språkdelt ungdomsskule. Hope har også arbeidd for at alle digitale hjelpemiddel i skulen skal vere tilgjengelege på både nynorsk og bokmål.

Hope er også felespelar og er aktiv i folkemusikkmiljøet. Han har mellom anna vore medlem i Hyen Spelemannslag og Gloppen Hardingfelelag.

Kjelder

E‑post frå Fredrik Hope 25.1.2019 og 31.1.2019

Presentasjon av sentralstyret i Norsk Målungdom, malungdom.no: https://malungdom.no/organisasjon/sentralstyret/ [lesedato 21.1.2019]

 

Peikarar

Fredrik Hope «Kan norske elevar endeleg få lære nynorsk skikkeleg?», ba.no, publisert 25.11.2018

Først publisert: 14.06.2019
Sist oppdatert: 12.10.2020