Hopp til innhold

Hallvard Heggtveit

Hallvard Gunleikson Heggtveit, lærar, klokkar og kyrkjehistorisk forfattar, var særleg oppteken av haugianismen si rolle i norsk kyrkjehistorie. Han var òg folkeminnesamlar.

Hallvard Heggtveit var fødd i Kviteseid i Telemark 22. juni 1850 og døydde i Kristiania (Oslo) 16. november 1924. Han tok eksamen ved Kviteseid lærarskule i 1869 og ved skulelærarseminaret på Holt ved Arendal i 1872. Han var tilsett som lærar ved fleire skular i Telemark før han blei tilsett ved Kristiania allmueskole frå 1878. Heggtveit var klokkar i Trefoldighetskyrkja i Kristiania frå 1886 til han søkte avskil i 1922.

Heggtveit var ikkje ein skulert historikar, men publiserte to større kyrkjehistoriske arbeid. Illustreret Kirkehistorie (1891–95) var den første større populære kyrkjehistoria i Noreg og fekk stor utbreiing. Hovudarbeidet hans var Den norske kirke i det nittende Aarhundrede (1905–20), eit omfattande verk på 1300 sider. Trass i det store omfanget var framstillinga berre ført fram til 1850. I første rekkje har verket verdi som kjeldeskrift til haugerørsla. Perioden frå 1800 til 1850 har overskrifta «Haugianismens Tid», eit vitnemål om Heggtveits høge vurdering av denne rørsla.

Han samla òg folkeminne, og under psevdonymet Olav Nordmann gav han ut vise- og stevsamlinga Lurlåt (1897). Han medverka til at folkevisene som Olea Crøger hadde nedteikna, blei berga for ettertida, og han gav ut boka Olea Crøger (1918) saman med folkeminnegranskaren Rikard Berge. Heggtveit var sekretær for komiteen som sende ut oppropet «Til Christendommens Venner i vort Land» med føremålet å mobilisere kyrkjefolket mot venstrepolitikken.

Kjelder

Einar Molland: Norges kirkehistorie i det 19. århundre, bd. 1. Oslo 1979

Ivar Welle: «Hallvard Gunleikson Heggtveit», Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 1931

Håkon Wergeland: «Hallvard Gunleikson Heggtveit», Norsk Allkunnebok, bd. 5. Oslo 1953

Først publisert: 08.03.2018
Sist oppdatert: 08.03.2018