Hopp til innhold
Foto: Gyldendal Norsk Forlag
Foto: Gyldendal Norsk Forlag
X
Innhald

Ingrid Espelid Hovig

Ingrid Espelid Hovig, folkekjær TV-kokk i programmet Fjernsynskjøkkenet, kokebokforfattar og matopplysar som dreiv opplysning om mat og kosthald i ein mannsalder.

Ingrid Espelid Hovig er fødd 3. juni 1924 på Askøy utanfor Bergen og døydde i Oslo 3. august 2018. Ho tok examen artium som privatist i 1947 og Statens lærerinneskole i husstell på Stabekk i Bærum 1947–49. Ho arbeidde som hustellkonsulent i opplysningsutvalet for fisk (1952–1962), var fredskorpsdeltakar i Uganda (1968–70) og programsekretær i NRK (1964–68 og 1970–96).
 
Espelid Hovig tok til å lage matprogram alt i prøvesendingane til NRK i 1956 og var programleiar for matlagingsprogrammet Fjernsynskjøkkenet, der ho snakka nynorsk og forklarte pedagogisk, trygt og enkelt om matlaging og kosthald. Med prøvesendingane introduserte ho nynorsk som fjernsynsspråk. Ho har skrive og medverka i meir enn 50 kokebøker. Den første var Ingrid Espelid ber til bords. Mat frå TV-kjøkkenet (1967), som var ei av dei to ho skeiv på nynorsk. Ho var redaktør av bestseljarane Gyldendals store kokebok (1979) og Den smårutete kokeboken (1982). I 2010 gav ho ut Ingrid og Eyvinds livretter saman med Eyvind Hellstrøm, og i 2011 kom boka 365 brød og kaker. I 2013 kom det ut ein biografi om Espelid Hovig, Ingrid, skrive av Ingar Sletten Kolloen.
Som pensjonist har ho vore aktiv som rådgjevar for Sosial- og helsedirektøratet og konsulent for forlaget Gyldendal.
 
Sjå video frå NRK Skole med Ingrid Espelid Hovig:


 
 
For informasjonsverksemda har Espelid Hovig fått tildelt ei rekkje norske og internasjonale prisar, mellom anna Karl Evangs pris (1983), Kringkastingsprisen (1986), Gullrutens heiderspris (1999), æresprisen i Gourmand World Cookbook Awards (2008), Fyrtårnprisen (2009) og Det Norske Måltids Hederspris (2011). I 1994 blei ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Frå 1994 har Faglig Matråd delt ut Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris.
 
Kjelder
Ingrid Espelid Hovig: «Min debut», Hovig fortel om si første bok, prosa.no, frå Prosa nr. 4/ 2008, http://www.prosa.no/artikkel.asp?ID=360 [lesedato 12.03.2011]
«Ingrid Espelid Hovig tildeles Fyrtårnprisen 2009», regjeringen.no, pressemelding publisert 09.06.2009, http://www.regjeringen.no/nb/dep/fkd/pressesenter/pressemeldinger/2009/ingrid-espelid-hovig-tildeles-fyrtarnpri.html?id=565169 [lesedato 12.03.2011]
«Mat: Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris», regjeringen.no, publisert 18.05.2010, http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2010/Mai-10/Mat-Ingrid-Espelid-Hovigs-Matkulturpris.html?id=605045 [lesedato 12.03.2011]
Henry Notaker: «Ingrid Espelid Hovig», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001. Elektronisk utgåve ved Store norske leksikon, snl.no, http://www.snl.no/.nbl_biografi/Ingrid_Espelid_Hovig/utdypning [lesedato 12.03.2011]
 
Peikarar

Først publisert: 12.03.2011
Sist oppdatert: 03.08.2018