Hopp til innhold
Ingrid Heggø. Foto: Stortinget / Terje Heiestad.
Ingrid Heggø. Foto: Stortinget / Terje Heiestad.
X
Innhald

Ingrid Heggø

Ingrid Bjørketun Heggø, banktilsett og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane sidan 2005.

Ingrid Heggø er fødd 12. august 1961 i Høyanger i Sogn og Fjordane. Etter vidaregåande skule i Høyanger 1977–80 arbeidde ho eit år som operatør ved Fundo Aluminium, før ho tok bankutdanning i 1981–88 ved Bedriftsøkonomisk Institutt (BI). I 1998–2000 studerte ho internasjonalisering, bedriftsanalyse og leiing same staden. Ho arbeidde i Vestlandsbanken og Fokus Bank i 1981–2001, var sekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti i 2001–05 og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane frå 2005. Heggø vart attvald til Stortinget i perioden 2013-2017.

Heggø har hatt ulike verv i AUF og Arbeidarpartiet sidan 1977. Ho var representant i Høyanger kommunestyre i 1991–95 og varaordførar i 1995–2003. Heggø var vararepresentant til Stortinget i 1997–2001 og medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i 2007–11. Frå 2005 er ho stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane. I perioden 2005–09 sat ho i  justiskomiteen på Stortinget. I perioden 2009–13 og 2013–17 sat ho i næringskomiteen, og frå 2017 i finanskomiteen. Heggø var medlem av gruppestyret til Arbeidarpartiet på Stortinget 2010–13. Dei viktigaste politiske sakene hennar er å halde på og skape arbeidsplassar i heimfylket, og ho er oppteken av gründerar, spesielt kvinnelege gründerar og av forenkling av kvardagen til bedrifter.

Heggø var leiar av Løvebakken Mållag 2009–15. Ho var assisterande generalsekretær i Raudekrossen i 1980–82 og var styreleiar for Høyanger-Gulen bompengeselskap frå stiftinga i 2001 og fram til 2010.

Kjelder

E-post frå Ingrid Heggø 29.6.2012

Omtale av Ingrid Heggø på nettsidene til Stortinget: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=IHE [lesedato 14.2.2012]

Ingrid Heggø si side på mittArbeiderparti.nohttp://mittarbeiderparti.no/ingrid-heggo [lesedato 14.2.2012]

Peikarar

Ingrid Heggø vald til leiar av Løvebakken Mållag

Først publisert: 28.09.2012
Sist oppdatert: 01.08.2018