Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Heggland

Johannes Andreas Martin Heggland, forfattar, historikar og kulturarbeidar. På 67 år skreiv han over 70 bøker, samstundes som han var bonde og hadde tunge verv i lokalpolitikken og kulturlivet.

Johannes Heggland var fødd i Tysnes 29. juni 1919 og døydde same staden 24. januar 2008. Han var yngst av elleve sysken. 14 år gamal bestemte han seg for å bli forfattar, skreiv så i aviser og blad, opplevde fleire refusjonar, men debuterte med eit brak som tjueåring og blei ein kjend og kjær forfattar. Han tok over farsgarden og budde heile livet på Tysnes.
Heggland var ordførar i Tysnes i to periodar, 1956–59 og 1968–71, styremedlem og formann i Den norske Forfatterforening 1982–85, medlem av priskomiteen til Nordisk Råds litteraturpris 1983–86, fagkonsulent ved Den Nationale Scene, medlem av Norsk Språkråd og styremedlem i Riksteateret. Han fekk Statens kunstnarstipend i ein lengre periode.
Først og fremst var Heggland forfattar av romanar, barne- og ungdomsbøker og sogespel, mellom anna Mostraspelet. Kristkongane på Moster (1984), men òg noveller og lokalhistorisk sakprosa. Dei beste og mest ambisiøse bøkene skreiv han på sine eldre dagar. For bøkene og kulturarbeidet sitt fekk han ei rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen i 1990.
Betre med åra
Forfattarskapen kan delast inn i tre periodar, der læretid, etablering og gjennombrot kan vere sentrale stikkord. Frå debuten i 1941 og fram til 1962 skreiv han romanar for vaksne. Det breie opplegget blei etter kvart strammare og forteljemåten meir dramatisk, fortetta og stundom filmatisk. I tida 1962–80 skreiv han mange barnebøker, dessutan fleire lokalhistoriske verk, mellom anna Tysnes si historie, alt bygd på grundige kjeldestudium.
Dette vekselbruket utvikla sansen for den kjappe, spennande og dramatiske, men òg poetisk varme forteljinga. Samstundes auka den historiske kompetansen og sjølvtilliten hos forfattaren. Gabriel (1969) og Rusdøler (1971) er dei mest kjende bøkene frå denne perioden. Så skjedde det noko som nærmast var naturstridig. Førti år etter debuten fekk han sitt definitive gjennombrot med romanseriar som Anna Gyria, Seglet og vinden og Tusen vårar, den siste om Sunnhordlands historie.
Historie, forteljing og formidling
Heggland var uvanleg produktiv. Interessa for historie, forteljing og formidling er verdigrunnlaget og motoren i forfattarskapen. Han tileigna seg omfattande faghistoriske kunnskapar om Tysnes, Sunnhordland og Noreg som han greidde å smelta inn i bøkene slik at det blir gripande forteljingar.
Hegglands prosa for vaksne står i den breie episke og realistiske tradisjonen. Innanfor nynorsktradisjonen høyrer han saman med Olav Duun, Tarjei Vesaas, Knut Hauge og Alfred Hauge, som alle skreiv historiske romanar som var lokalt forankra og etisk orienterte. Desse fem representerer høgdepunktet i ein prosatradisjon som kanskje er i ferd med å døy ut.
Det særmerkte for forteljemåten til Heggland er ei brei, liksom «naturleg» forteljing som ligg kvardagsspråket nær, som flyt framover med eit vell av personar, handlingar og detaljar. Men bak det tilsynelatande uplanlagde ligg ein medviten dramaturgi.
Heggland er ein språkleg meister, med ein svært nyansert, smidig og stilfull nynorsk. Heile tida var han lojal mot den nynorske skriftnorma. Men i 1980-åra sleppte han seg meir laus og tok i langt større grad enn tidlegare ei rekkje dialektord og uttrykk frå Sunnhordland opp i den klassiske nynorsken sin, samstundes som han laga nye ord. Dette skjedde samstundes med ei større forankring i det lokale og regionale og ein nasjonal og internasjonal suksess større enn før. 14 av romanane blei omsette til tysk, to kom i andre opplag, og ein kom på islandsk.
Sunnhordland som sentrum i verda
Det er ikkje heimstaddikting fordi ein skriv om staden der ein bur. Mange store verk i verdslitteraturen har forankring i det lokale og regionale. Når vi les Heggland, får vi ofte ei kjensle av at sentrum i verda er i Sunnhordland, eller på Vestlandet ein stad. Det kjem av at han ikkje er oppteken av det som skil regionen frå andre stader, men det som er felles: mennesket i liv og død, medgang og motgang, krig og kjærleik, erotikk og politikk.
Kjelder
Kåre Glette: «Johannes Heggland», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001
Mikal  Heldal (red.): Johannes Heggland: Diktar og historikar. Ei artikkelsamling, Tysnes sogelag. Tysnes 2009
Hans E. Olsen (foto og regi): Johannes Heggland. Forteljaren. DVD, Hero Media. Norheimsund 2009
Peikar
Vidare lesing
Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 1997
Glette, Kåre: "Det kristne, det sosiale og det konservative. Linjer i Johannes Hegglands dikting". Nettum, Rolf Nyboe, red.: I diktningens brennpunkt, 1982, 68-87
Hagemann, Sonja: Barnelitteratur i Norge 1914-1970, 1974
NBL 2. utg.
Rage, Knut m.fl.: Johannes Heggland : diktar og historikar : ei artikkelsamling, 2009
Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 6: Fra Brekke til Mehren, 1995

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 17.03.2010
Sist oppdatert: 27.02.2019