Hopp til innhold
Karl Johan Hallaråker
Karl Johan Hallaråker
Foto: KrF. Nytta etter avtale med partiet.
X
Innhald

Karl Johan Hallaråker

Karl Johan Hallaråker, prest, bibelskulelærar og særleg kristenleiar med sterke meiningar om det han trur på.

Karl Johan Hallaråker er fødd 10. juni 1944 i Strandebarm, men flytte seinare til Bømlo. Han tok examen artium på Bryne i 1964. I 1970 tok han teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet. Han har vore engasjert i fleire kristne organisasjonar.
Hallaråker var prest i Finnås, Bømlo, 1971–79. Han var lærar ved Indremisjonsselskapet sin bibelskule i Oslo 1980–83 og rektor ved Bibelskulen på Bildøy ved Bergen 1983–96. Frå 1996 var han generalsekretær i Vestlandske Indremisjonsforbund, som i 2000 skifte namn til Indremisjonsforbundet. Hallaråker er oppteken av Israel og er teologisk konservativ. Slik har han vore nytta i media som ein uredd debattant.
Han har gitt ut fleire bøker, mellom anna Bedehuset, heim og misjonsstasjon (1980), Israel i aktuelt og profetisk lys (2004), Jerusalem – og/eller al-Quds (2008) og Kristen politisk tenking (2009). Hallaråker har hatt fleire tillitsverv i misjon og kyrkje, som styreformann ved Norsk Lærerakademi 1988–91, i For Livsrett og Menneskeverd 1991–95, medlem i Verdikommisjonens råd 1998–2001 og medlem i kyrkjepolitisk utval i KrF 1999–2000. Han har òg vore sentralstyremedlem i partiet.
Kjelder
Bladet Sambåndet
Johannes Kleppa og Paul Odland: Ordets folk. Det Vestlandske indremisjonsforbund 1898–1998. Straume 1998

Først publisert: 01.06.2010
Sist oppdatert: 13.04.2018