Faktaboks

Kolbjørn Hauge
Fødd
2. april 1926, Finnøy (no Stavanger kommune), Rogaland
Død
15. august 2007, Stavanger, Rogaland

Kolbjørn Hauge var lærar og forfattar. Etter den skjønnlitterære debuten i 1991 har krimforteljingar frå vestlandske småbygder vorte varemerket hans. Heit juice (1993) vart kåra til beste krimroman i Norden, og for Død mann i boks (1995) fekk Hauge Rivertonprisen.

Bakgrunn

Kolbjørn Hauge var fødd i Finnøy. Han tok først fireårig lærarutdanning ved Stord lærarhøgskule i 1947–1951 og deretter vidareutdanning i gymnastikk, forming, historie, spesialpedagogikk og pedagogisk rettleiing. Han underviste i mange år i folkeskulen og på lærarhøgskule før han byrja som forfattar.

Hauge skreiv fleire pedagogiske og faglitterære bøker før han tok steget over til skjønnlitteraturen. I 1991 gav han ut spenningsromanen Kofferten, og seinare har det vorte ei rekkje fleire bøker i same sjangeren. Hauge budde i Stavanger og var ein sentral person i forfattarmiljøet i Rogaland. Han skreiv mest på nynorsk og har vunne fleire prisar for bøkene sine.

Oppvekst i eit pietistisk bygdemiljø

Hauge voks opp i ein småbrukarfamilie på Kyrkjøy – ei lita bygd i det som tidlegare var Sjernarøy kommune i Rogaland. Liknande oppvekstmiljø som sitt eige nyttar han som bakteppe i fleire av bøkene sine, og han skildrar kontrastane i bygdelivet, frå dans og fyll på ungdomshuset til religiøs fanatismebedehuset. Hauge hadde ikkje nokon akademisk bakgrunn, men i familien hans fanst det fleire skrivande menneske – den skjønnlitterære forfattaren Alfred Hauge ein eldre bror.

Pedagogen, historikaren og politikaren

Hauge hadde ein allsidig yrkeskarriere bak seg – som stein- og jordarbeidar, gardsgut, gartnar, fiskar, vegarbeidar, kontorist og sjømann – før han starta på lærarutdanninga. Seinare fordjupa han seg i pedagogikken og skreiv fleire læreverk i undervisningsteori. Han interesserte seg ikkje minst for barn og unge sitt forhold til historiefaget, og han skreiv bøkene Barn og historie (1984) og Ungdom og historie (1986).

I 1987 gav han ut boka Fra protest til parti, om danninga av Sosialistisk Folkeparti i Stavanger. Han kjende sjølv godt til dette partiet og sat som representant for SF/SV i bystyret i Stavanger gjennom fleire periodar. Seinare skildra han barndomsriket sitt i fleire bøker, mellom anna i Ryfylke – heimstad for gråstein og lengsel (1998).

Rimsmeden og barne- og ungdomsbokforfattaren

Hauge var ein ivrig diktar og rimsmed. Han likte å leike med språket og uttrykkje seg gjennom limericks og morosame stubbar. Dette resulterte i Historien om hvordan lydene fikk bokstaver (1986, nynorsk utgåve 2001) og Stor norsk rimordbok (1990), den første nynorske rimordboka. Han skreiv også ungdomsromanen Onsdagsranaren (1991) og barneboka Hitlers labyrint (1998).

Krimskildringar frå bibelbeltet

Som forfattar har Kolbjørn Hauge vunne størst merksemd med kriminalromanane sine. Han slo igjennom med Heit juice (1993), som vann Sunnmørsprisen og ei tevling om beste nordiske kriminalroman, følgt av Død mann i boks (1995). Med den sistnemnde boka fekk Hauge Rivertonprisen, som tredje nynorskforfattar, etter Idar Lind og Audun Sjøstrand. Seinare kom romanane Til jord skal du bli (1997), Over mitt lik (1999) og Nord og ned (2003). Med To perfekte mord og andre kriminelle historier (2004) utforska Hauge novellesjangeren.

Kontrastfylte stemningar er noko av det særmerkte for Hauge sine krimskildringar. Ramma er ofte idylliske vestlandsbygder, der feriestemning og harmoni rår på overflata, men der uhygge, motsetnader og hat kokar under yta. Hovudpersonen og helten i forteljingane er lensmannen Petter Eliassen, som er kristen, og som krimkjennaren Nils Nordberg har samanlikna med George Simenons Maigret. Hauge nyttar både ekte og falske bibelsitat i bøkene sine, og han skildrar personane med sine heilt spesielle og humoristiske metaforar. Om ein vanskeleg person heiter det til dømes at han måtte vere full av tverrved innvortes.

Eit anna av Hauge sine litterære kjennemerke er dei overraskande avslutningane. I Heit juice vert ikkje mordaren avslørt før i den siste setninga. I ein kriminalføljetong han skreiv for Stavanger Aftenblad, og som gjekk i påska 1996, laga Hauge endåtil to ulike avslutningar: ei for dei faste abonnentane og ei for laussalslesarane som kjøpte avisa påskeaftan. Hauge sa sjølv at han hadde som mål å skrive ein kriminalroman der lesaren er mordaren.

Kolbjørn Hauge var ein skarp og innsiktsfull konsulent. Han var også ein populær og etterspurd foredragshaldar, og mange fekk gleda av å høyre han fortelje om barndomen og oppveksten på Sjernarøyane. Han hadde alltid sterke meiningar om spørsmål det var strid om, men også ein avvæpnande replikk og ei morosam historie å avrunda debatten med.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Kolbjørn Hauge
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000002471876

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg