Faktaboks

Laurents Hallager
Laurents Lars Hallager
Fødd
12. november 1777, Bergen
Død
2. februar 1825, Bergen
Verke
Lækjar og ordboksforfattar
Familie

Foreldre: Skulehaldar Niels Larsen Hallager (1742–1808) og Susanna Foss (1751–1840).

Ugift.

Tittelblad «Norsk Ordsamling» (1802)
Tittelbladet i Norsk Ordsamling eller Prøve af Norske Ord og Talemaader som Laurents Hallager gav ut i 1802. Dette var største og beste ordsamlinga før Ivar Aasen.
Av /Nasjonalbiblioteket .

Laurents Hallager var lege og språkmann. Han gav ut den største og beste ordsamlinga før Ivar Aasen.

Laurents Hallager var fødd i Bergen. Han tok til med medisinstudium i København i 1795 og tok doktorgraden i medisin i 1805. Etter studia flytta han tilbake til Bergen, der han sidan arbeidde som lege fram til han døydde.

Hallager hadde ei stor interesse for språk og gav mellom anna ut ei lærebok i fransk i 1798.

I 1802 kom Norsk Ordsamling eller Prøve af Norske Ord og Talemaader. I innleiinga gjorde Hallager greie for dei språklege tilhøva i Noreg og særtrekk ved det norske språket. Med referanse til dansk og svensk skreiv han mellom anna at det norske «Bondemaal» berre mangla «Dyrkning ved Skrivter for at blive et selvstændigt Sprog ligesaa vel som hine». Nokon norskspråkleg separatisme finn vi likevel ikkje hos Hallager, og han ville at ordsamlinga skulle bli nytta til å «berige og fulstændiggjøre det fælles Skrivtsprog». Boka inneheld om lag 7000 ord og blir avslutta med nokre viser som døme på «bondespråket».

Etter at Hallager flytta tilbake til Bergen, kan det sjå ut til at språkinteressa forsvann, for han gav ikkje ut fleire bøker om slike tema.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Laurents Hallager: Norsk Ordsamling. Med innleiing av Lars S. Vikør. Bergen 2004

Faktaboks

Laurents Hallager
Historisk befolkingsregister-ID
pf01058390010190

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg