Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig Hope

Ludvig Hope, lekpredikant. Han var ein av dei store folketalarane i første halvdel av 1900-talet.

Hope var fødd i Masfjorden 17. januar 1871 og døydde 26. oktober 1954. Med fortid som bygningsarbeidar slo han igjennom som reisepredikant for Norsk Luthersk Misjonssamband (Kinamisjonen) i Nord-Noreg i 1894. Etter kvart blei han ein av dei fremste religiøse folketalarane her i landet.
 
Hope arbeidde for ei sjølvstendig lekmannsrørsle og vann tilslutning i Stortinget for fri nattverd i 1913. Hope var med og stifta Kristent samråd hausten 1940 og var medlem av den mellombelse kyrkjeleiinga frå sommaren 1942. Han blei arrestert i mai 1943 og sat på Grini til august 1944.
 
Frå og med Kristus vaart liv (1915) kom dei mange skriftene hans på både landsmål og bokmål, med god hjelp frå Oscar Handeland. Skrifter i samling kom ut i ni band 1945–48.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 09.08.2012