Faktaboks

Magne Torbjørn Hjorthaug
Fødd
15. februar 1945, Herøy, Møre og Romsdal
Død
23. januar 2001, Molde, Møre og Romsdal

Magne Torbjørn Hjorthaug var prest og prost. Han var prest og prost fleire stader i Møre og Romsdal gjennom tre tiår.

Magne Torbjørn Hjorthaug vart cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo i 1970, med praktisk-teologisk seminar same staden i 1971.

Etter eit år som landsungdomssekretær i Den norske Santalmisjon var Magne Hjorthaug kapellan i Volda frå 1973, sokneprest i Tingvoll og prost for Indre Nordmøre prosti frå 1978, sokneprest i Volda og prost for Søre Sunnmøre prosti frå 1989. Frå nyttår 2000 til han brått vart sjuk og døydde vinteren 2001, var Hjorthaug domprost i Molde.

Kyrkjelydane sette stor pris på Hjorthaug som sjelesørgjar, talar og liturg. Tilliten både mellom kollegaer og andre synte seg i dei mange verva han fekk: formann i Møre stiftsstyre av Presteforeininga, formann i Møre og Romsdal krins av Den Norske Israelsmisjon, medlem av Møre bispedømeråd og Kyrkjerådet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg