Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Hidle

Nils Hidle, journalist og sosialantropolog som har gjort ein monaleg innsats for det frivillige barne- og ungdomsarbeidet i Noreg.

Nils Hidle er fødd 3. februar 1963 på Nord-Hidle i Finnøy kommune i Rogaland og bur i dag i Lillesand. Han har medie- og journalistikkfag frå Møre og Romsdal distriktshøgskule (1986–88), og studiar i utviklingsfag ved Høgskolen i Agder (1994–95). I 2003 fullførte han hovudfag i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen, med ei oppgåve om malaysisk-indiske entreprenørar.
Hidle har arbeidd med informasjon og journalistikk, først som redaktør i lokalavisa Øyposten (1983–86), sidan som frilansjournalist for avisa Møre (1986–88). Etter dette arbeidde han med helseinformasjon som informasjonskonsulent i Info Plan Mandal (1989–94).
Den største delen av verksemda hans er knytt til det frivillige barne- og ungdomsarbeidet. Hidle har vore informasjonskonsulent i norske 4H (1989–90) og i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, LNU (1991–95). Frå 1995 har han vore generalsekretær i den landsomfattande barne- og ungdomsorganisasjonen Ung kirkesang, der målet er å ta vare på og fornye kyrkjesongen i Noreg.
Hidle har hatt ei rekkje styre- og tillitsverv, mellom anna som visepresident i Nordisk barne- og ungdomskorsamarbeid (1997–2002) og medlem i organisasjonsutvalet i Norsk musikkråd (2002–03).
Kjelder
E-post frå Nils Hidle 20.9.2010

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 05.02.2014