Faktaboks

Per Håland
Fødd
7. januar 1919, Høyanger
Død
9. oktober 1999, Oslo
Verke
Pressemann
Familie

Foreldre: Disponent Andreas Håland (1889–1963) og Sofie Øren (1891–1955).

Gift 21.9.1952 med lærer Ingrid Idstad (28.9.1921–), datter av bonde Thorleiv Idstad (1887–1957) og Inga Skatteboe (1894–1959).

Gula Tidendes 75-årsjubileum i desember 1979.

Gula Tidendes 75-årsjubileum i desember 1979. Styreformann Olav Toft, redaktør Per Håland og disponent Sigurd Hille.

Gula Tidendes 75-årsjubileum i desember 1979.
Av /Arkivet etter Morgenavisen A/S, Bergen Byarkiv.

Per Håland var ein norsk avisredaktør og teaterkritikar. Han er mest kjent frå perioden som redaktør i Gula Tidend frå 1954 til 1979. Gula-Per, som han gjerne vart kalla, var ein særmerkt redaktør med stor sans for spissformuleringar og overskrifter før den norske tabloidpressa si tid. Med det sterke engasjementet for nynorsk og norskdom gjorde han Gula Tidend til ein journalistskole for nynorskskrivande bladfolk.

Bakgrunn

Etter to års utdanning på Bladmannskulen i Bergen vart Håland tilsett som journalist i lokalavisa Høyanger Avis i 1939. Der var han til andre verdskrig kom til Norge. I krigsåra tok han examen artium som privatist i 1942, arbeidde i forsyningsnemnda i Kyrkjebø og vart seinare forsyningssjef i Ullensvang. Då pressa igjen vart fri, tok han fatt på avisarbeidet att. Han var redaktør i FjordabladetNordfjordeid frå 1945 til 1947, arbeidde så i tre år som politisk medarbeidar i Verdens Gang frå 1948 til 1952, og var seinare redaktør i Vest-Agder i Farsund i 1952 og politisk redaktør i Varden i Skien frå 1952 til 1954.

Gula Tidend

Det var ein røynd pressemann som i 1954 kom til Gula Tidend i Bergen. Håland sat i redaktørstolen i 25 år, og heldt etter 1980 fram som kulturmedarbeidar, spaltist og ikkje minst som teatermeldar. Han overlevde avisa, som gjekk inn i 1996. Levande oppteken av teater som han var melde han framsyningar ikkje berre i si eiga avis. Han skreiv om dei fleste framsyningane på dei større teaterscenene, og det vart sagt at ingen meldar i Norge hadde sett fleire oppføringar enn Håland.

Det var som politisk kommentator og stridbar polemikar Håland vart kjent i krinsar langt utanfor nedslagsfeltet til avisa. Gula Tidend var ei tradisjonsrik avis som vart starta i 1904 av den markante redaktøren Johannes Lavik, som organ for nynorsk målreising og bondereising. Mellom tidlegare redaktørar var Olav Gullvåg, seinare forfattar og dramatikar, til dømes av Olavspelet på Stiklestad. I alle år hadde Per Håland kjempa for nynorsk og norskdom, og eit meir veleigna organ enn Gula Tidend kunne han ikkje ha skaffa seg.

Frå første stund sette Håland sitt stempel på bladet. Det vart på mange vis ein fag- og førskule for nynorskskrivande unge journalistar som seinare gjorde seg sterkt gjeldande i større aviser og ikkje minst i NRK. Mange av dei vart rett nok skremde, stundom, av det ustyrlege temperamentet hos redaktøren. Ein stor eller endåtil liten feil kunne tenna eld i han, og forskremde unge journalistar fekk klar åtvaring: «Ein liknande feil ein gong til og du blir sparka på dagen!» Eigentleg var det tome trugsmål, for Gula-Per – som han vart kalla – var ikkie så morsk som han ville gje inntrykk av. Sinnet gjekk raskt over, og feil eller tabbar vart gløymde. Han var svært snill på botnen, vart det sagt, men det var vanskeleg å forstå for den som jamleg las kommentarane han skreiv. Han var alt anna enn snill eller viste forståing når han gjekk laus på fiendane sine med bitande og giftige åtak. Han var likevel flink til å vega sine ord og fryda seg når han balanserte på kanten av injurielovane. Han var så avgjort ein stridens mann, og han likte det. Eit liv utan fiendar var keisamt, sa han.

Sjølv likte ikkje Håland å bli klandra for å bruka for harde ord. I Verdens Gang vekte han i 1949 stor oppsikt med artikkelen «Kvifor er Oslo-folk så dumme?» Mange meinte at det var ei grov utskjelling av folk i hovedstaden, og han fekk sanneleg svar på tiltale. Ein kjent kåsør i Arbeiderbladet omtala han som ein «flabb» og oppmoda han å reisa tilbake til dei sjølvgode heimetraktene. Han likte det ikkje og klaga til Pressens Faglige Utvalg. I domen heitte det at det ikkje var god presseskikk å bruka uttrykket «flabb», «men i denne sak kan den ene fornærmelse oppveie den andre».

Striden om i- eller a-endingar kløyvde målfolket på Vestlandet. Gula-Per gjekk inn for a-endingane, og i Vestmannalaget, der i-folket var samla, fekk han ei mengd motstandarar som han støtt kunne skjella ut i avisspaltene – til glede for seg sjølv og sikkert og for mange lesarar.

Håland var i heile sitt vaksne liv svært oppteken av teater. Han tok i 1977 eit initiativ som seinare førte til at Hordaland Teater vart skipa.

Per Håland døydde i Oslo av hjartesvikt og vart gravlagt på Høyanger gamle kyrkjegard.

Verk

  • Gula Tidend i 75 år. Eit liv i strid for fridom og norskdom, bygdenorsk kulturarv og norsk bondereising på fullnorsk målgrunn, Bergen 1979

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Pressefolk,1990

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg