Hopp til innhold
X
Innhald

Peter Hallaråker

Peter Hallaråker, namnegranskar som med utgivinga av handbok om namneinnsamling har hjelpt historielag og andre namneinteresserte i gang med innsamling av stadnamn.

Peter Samuel Hallaråker var fødd 21. mars 1933 i Bremnes i Sunnhordland og døydde 27. mai 2011. Han tok examen artium ved Voss landsgymnas i 1954 og vart cand.philol. ved Universitetet i Bergen i 1961, med norsk hovudfag, engelsk mellomfag og folkeminnevitskap grunnfag. Han studerte dessutan engelsk ved University of Minnesota i 1964–1965. Frå hausten 1962 var han tilsett som førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda. Han underviste i norsk ved Universitetet i Bologna i 1966–1968 og ved Universitetet i Wisconsin i 1978–1979. Han har hatt forskingsopphald ved fleire utanlandske universitet.
Hallaråker stod som leiar for «Stadnamnprosjektet» i regi av Møreforsking i perioden 1985–1995. Røynslene frå prosjektet resulterte i Innføring i stadnamn. Innsamling og gransking, ei handbok om namneinnsamling som kom ut i 1997. I 1983 kom New Norwegian ut, ei lærebok om nynorsk for utanlandske studentar. Dette emnet tok Hallaråker seinare for seg i fleire bøker og artiklar. Innanfor namnegranskinga interesserte han seg særleg for vegnamn, og i 2006 kom oppslagsverket Vegar og namn. Veg- og gatenamnleksikon for Møre og Romsdal. Han skreiv ti bøker om stadnamn og vel hundre vitskaplege artiklar om stadnamn og nynorsk.
Hallaråker har hatt fleire fagpolitiske verv.
Kjelder
E-post frå Peter Hallaråker 18.02.2010
Peter Hallaråker: Innføring i stadnamn. Innsamling og gransking. Oslo 1997
Om Peter Hallaråker si bok  «Lærebok i nynorsk for utlendingar», Språkrådet, http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/Eldre/Laerebok_i_nynorsk_for_utlend/ [lesedato 17.03.2010]
Om Databasane, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane/ Sogn og Fjordane fylkekommune, Møre og Romsdal kulturnett,  http://moreogromsdal.kulturnett.no/kulturnett/diverse/db_info [lesedato 17.03.2010]
 

Først publisert: 17.03.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013