Hopp til innhold

Ragnhild Hilt

Ragnhild Hilt, teater- og filmskodespelar som spela ei rekkje framståande roller, både på Det Norske Teatret og på film.

Ragnhild Hilt var fødd 20. september 1945 i Oslo og døydde 25. juni 2014 same staden. Ho var utdanna skodespelar frå Statens teaterhøgskole (no Kunsthøgskolen) i Oslo (1967–71).
 
Hilt blei tilsett som skodespelar ved Det Norske Teatret i 1971 og arbeidde der resten av livet. Ho debuterte i rolla som Anne Boleyn i det historiske dramaet Dronning i tusen dagar av Maxwell Anderson. Seinare spela ho fleire store roller, til dømes som Ragnhild i Olav Duuns Medmenneske og som Antigone i Jean Anouilh sin versjon av den gamle greske tragedien. Ho spela òg i stykke av Henrik Ibsen og Jon Fosse. Hilt gjekk inn i rollene med varme og kløkt, og ho formidla både tankar og kjensler med kraft og truverde.
 
I 1982 dramatiserte ho Torborg Nedreaas sin roman Av måneskinn gror det ingenting, og spela sjølv den namnlause hovudrolla i meir enn hundre framsyningar. Ho tok seinare denne dramatiseringa opp att i to omgangar, først i 1996 og så i 2014, som avskilsframsyning då ho skulle slutte ved Det Norske Teatret. Alle dei tre oppsetjingane blei svært godt mottekne.
 
Hilt var òg filmskodespelar og spela både i filmar og fjernsynsseriar. Filmdebuten var i rolla som Innbranna Røysing i Erik Solbakkens Rallarblod (1978) – ei filmatisering av Kristofer Uppdals roman Dansen gjennom skuggeheimen. Den siste filmrolla hennar var i Dag Johan Haugeruds Som du ser meg (2012), der ho spela omsetjaren Grete Maigret.
 
I 2013 blei Hilt nominert til Amandaprisen i kategorien beste kvinnelege skodespelar for rolla i Som du ser meg. I 2014 fekk ho Huldaprisen for arbeidet med teater generelt og for innsatsen for amatørteater spesielt.
 
Kjelder
E-post frå Unni Luqman, Kunsthøgskolen i Oslo, 27.8.2014
 
Ragnhild Hilt sin biografi på sceneweb.no: http://www.sceneweb.no/nb/artist/8546/Ragnhild_Hilt-1945-9-20 [lesedato 23.8.2014]
 
Peikarar
Intervju med Ragnhild Hilt om rolla i Jon Fosses Rambuku

Først publisert: 05.01.2015
Sist oppdatert: 05.01.2015