Faktaboks

Tone Hulbækmo
Fødd
27. september 1957, Tolga, Innlandet
Verke
Sanger og musiker
Familie

Foreldre: Organist Alf Hulbækmo (1903–87) og Gerd Gjelten (1914–2000).

Gift 1996 med musiker Hans Fredrik Jacobsen (8.9.1954–), sønn av selger Erling Jacobsen (1919–) og Gudrun Hansen (1920–90).

Tone Hulbækmo
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Tone Hulbækmo er ein norsk songar, komponist og arrangør. Ho har vore ein pioner i å formidle tradisjonsstoff i utradisjonelle og sjangerkryssande utformingar.

Bakgrunn

Tone Hulbækmo er fødd i Tolga i Østerdalen i Hedmark (no Innlandet). Faren, Alf Hulbækmo, var organist og ein viktig tradisjonsformidlar for henne frå barndomen av. Ho blei tidleg medlem av ensemblet til fløytespelaren Egil Storbekken, Tolgatusseladdene. Ho er gift med musikaren Hans Fredrik Jacobsen, som har vore ein sentral bidragsytar og samarbeidspartnar på dei fleste plate- og konsertprosjekta hennar. Dei er òg begge medlemmer av mellomalderensemblet Kalenda Maya. I tillegg til å ha song som hovudinstrument spelar ho piano, orgel og harpe. Hulbækmo er akademisk utdanna tradisjonsformidlar. Ho var elev ved Toneheim Folkehøgskole i 1976–1977 og student ved Universitetet i Oslo frå 1977, der ho tok grunnfag i sosialantropologi og mellomfag i musikk.

Soloprosjekt

I 1983 gav Hulbækmo ut den første plata si, Kåmmå no, som blei heidra med Spellemannprisen. På denne utgivinga står tradisjonsmusikk frå østerdalsdistriktet sentralt. Den neste soloplata hennar, Svevende jord (1986), inneheld gamle folketonar, bånsullar og kulokkar frå eit større geografisk område. Dei nyskrivne arrangementa er dels for tradisjonelle instrument som harpe, seljefløyte og fele, dels for synthesizer og perkusjonsinstrument som marimba. Til tittelsporet på plata regisserte Sverre Pedersen ein musikkvideo, den første nokon gong laga til norsk folkemusikk, og produksjonen blei kåra til beste norske musikkvideo det året. Same året turnerte ho i USA i seks veker og heldt 20 konsertar.

Musikalske samarbeid

I 1988 gav Hulbækmo og Jacobsen ut barneplata Langt nord i skogen. Også her finn vi den karakteristiske kombinasjonen av vokalt tradisjonsmateriale (norske barnerim og -regler) og nyskrivne arrangement for moderne instrument. Mellom anna er den brasilianske perkusjonisten Celio de Carvalho sentral i lydbiletet, og også denne plata blei heidra med Spellemannprisen. Plata Konkylie (1995) består av 16 tonesetjingar til dikt av Halldis Moren Vesaas, medan Kyrja (dialekt for «kyrie») frå 1999 består av eldre religiøst materiale frå Østerdalen.

Saman med Jacobsen har ho komponert framsyninga Østafor sol og måne (1994), som inngjekk i kulturprogrammet under OL på Lillehammer i 1994, musikk til musikalen Uren, luren, himmelturen for Hedmark Teater (tekstar av Per Aas-Eng og Rolf Norsen, 1998) og Babels forståelse for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (1999). I 2000 samarbeidde ho med komponisten Dag Øyvind Rebnord om korkomposisjonen Kvinnesagn (2000), der dei skreiv kvar sine delar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ove Røsbak: «Verdensmusikeren», Spelemannsbladet nr. 3/ 2009

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg