Hopp til innhold

Torolv Hesthamar

Torolv Hesthamar, lokalpolitikar, eldsjel i mål- og kulturarbeid, stilsikker skribent og god talar, ofte med snert. Han var ei drivkraft bak skipinga av Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK).

Torolv Hesthamar er fødd i Kinsarvik 6. september 1924. Jordbruksskulen gjekk han på Hesthamar i 1943. Han sat i heradsstyret i Ullensvang i 24 år (for Senterpartiet), av desse 16 år som ordførar (1976–1991). Ullensvang Mållag var han leiar for i perioden 1994–2004 og arbeidde då laget opp slik at det i 2003 hadde eit medlemstal på heile 254. Laget skipa til møte, konsertar og utstillingar, delte ut målprisar og gav ut bøker.
Hesthamar har vore medlem i styret for Hardanger Folkemuseum og Ullensvang Kunstlag og har gitt ut gardssoge. Gjennom LNK fekk han aksept for å nytta «herad» i kommunenamn. Han er ein populær kåsør, ordstyrar og skribent.
Hesthamar fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1999, vart heidersmedlem i Noregs Mållag i 2000, fekk Ullensvang Mållag sin målpris i 2008 og har fått Kommunenes Sentralforbund sitt heidersteikn.
Kjelder
Odlaug Måge: Ullensvang Mållag 50 år. Attersyn. Utne 2004
Nettstaden til Noregs Mållag, http://www.nm.no/ [lesedato 11.11.2010]
Nettstaden til Hardanger Folkeblad, http://www.hardanger-folkeblad.no/ [lesedato 11.11.2010]

Først publisert: 11.02.2011
Sist oppdatert: 03.05.2013