Hopp til innhold
X
Innhald

Karen Iversen

Karen Iversen, forretningskvinne, målkvinne, lokalpolitikar og fanekunstnar.

Karen Hortense Iversen blei fødd i 1857 i Hemnes på Helgeland og døydde i 1947 same staden. Ho starta i 1885 «Karen Iversens moteforetning» i Nergata i Hemnes- berget, ei verksemd som etter kvart var velrenommert over heile Helgeland.

Iversen har kreert og brodert den eldste fana til Ul Heim (også kalla Straumens Ungdomslag), Utskarpen, og bidrege til utforming av Ul Forsøk, Rana, si fane. Ho er såleis representant for dei mange broderande kvinnene som skapte faner for den frilynde ungdomslagsrørsla.

Elles var Karen også ei av dei to første kvinnene i Hemnes heradsstyre, der ho vart innvald for perioden 1902-04, saman med Anna Falk. 

Utdrag frå Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med Noregs Ungdomslag 2017. 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 12.12.2017