Hopp til innhold
X
Innhald

Per Jan Ingebrigtsen

Per Jan Ingebrigtsen, forfattar og teaterinstruktør som skriv dikt, skodespel, romanar, songtekstar og barnebøker. Han har bakgrunn som lærar i drama og norsk.

Per Jan Ingebrigtsen er fødd på Stord 19. juni 1946 og er busett same staden. Han gjekk i lære som platearbeidar og skipsbyggjar på dåverande Stord verft i 1964–68. Frå 1971 tok han lærarutdanning ved Stord lærarhøgskule og vart adjunkt i 1975. Ved lærarhøgskulen i Bergen studerte han historie i 1975–76 og drama i 1983–84. Han har teke fleire kurs i teaterinstruksjon ved National Theatre i London.

Frå 1992 til 2013 var Ingebrigtsen lærar i norsk og drama ved Stord vidaregåande skule. Han var leiar og instruktør for Sunnhordland Teater frå 1991 til 2016. Sidan 2013 har han arbeidd som forfattar og teaterinstruktør på heiltid. Å kombinere lærargjerninga i norsk og drama med å vere forfattar og dramatikar har vore ei viktig kjelde til inspirasjon og kreativitet.

I 1975 debuterte han som poet med Rotbløyte, ei samling dikt, viser og fablar. Seinare har han gitt ut diktsamlingane Etter ei regnskur (1979) og Lys og skugge (2018). I den sistnemnde boka utforskar han saman med fotokunstnar Øyvind Hjelmen møtepunkta mellom det synlege og det usynlege. Offer (2014) er den første romanen i ein trilogi, der temaet er tvangsekteskap, og handlinga tek utgangspunkt i ei verkeleg hending. Mannen utan samvit (2016) og Klappjakt (2017) er dei andre bøkene i trilogien. Ingebrigtsen har gitt ut mange barnebøker, frå den første, Sofus på landet (1983), til Gulla på rømmen (2019).

Med stykket Skyldig debuterte Ingebrigtsen som dramatikar i 1988. Sumproser (rockemusikal frå 1991), Portrettet av Alice Beck (2006) og Ri vinden (2009) er andre døme på teateroppsetjingar. Han har arbeidd mykje med drama for ungdom, noko som har resultert i fleire pedagogiske prosjekt. Rødt lys (2007), eit dramatisert trafikkopplæringsprosjekt retta mot barn, er eit av dei. Fleire av skodespela hans har vorte framførte på profesjonelle scener i inn- og utland og er gitt ut i bokform. Nokre av dei er omsette til svensk og engelsk.

Ingebrigtsen har skrive tekstar til 13 plateutgivingar, mellom andre med Ivar Medaas, Ove Thue, Helge Jordal, Kenneth Sivertsen og Atle Hansen. Han er representert i 14 antologiar med dikt, eventyr, noveller og songtekstar, og i fleire læreverk innanfor norsk og drama.

I 2011 fekk Ingebrigtsen Stord kommune sin kulturpris.

 

Kjelder

E-post frå Per Jan Ingebrigtsen 26.5.2019

 

Atle Hansen: «Drøymer framleis om ei betre verd», sunnhordland.no, sist oppdatert 20.3.2017 (krev abonnement): http://www.sunnhordland.no/reportasje/fredagspraten/droymer-framleis-om-ei-betre-verd-1.1777749 [lesedato 21.8.2019]

Anders Totland: «Lokalforfattaren», sunnhordland.no, sist oppdatert 18.4.2017 (krev abonnement): http://www.sunnhordland.no/kultur/lokalforfattaren-1.1817988 [lesedato 21.8.2019]

 

Peikarar

Bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Frank Johnsen og Aasa Christine Stoltz: «Råskinnet Helge», ba.no

Magne Kydland: «Lanserer diktbok med foto», sunnhordland.no (krev abonnement)

Magne Kydland: «Ute med si niande bok», sunnhordland.no (krev abonnement)

Først publisert: 29.10.2019
Sist oppdatert: 29.10.2019