Christen Jensøn
Christen Jensøn, prest og ordbokforfattar. Han fekk i 1646 trykt og utgitt Den Norske Dictionarium eller Glosebog i København. Dette var den første norske ordboka, og i over hundre år den einaste.
Edvard Germanus Johannessen
Edvard Germanus Johannessen, vestmann, forretningsmann, bokmann og omsetjar. Nokre av omsetjingane hans av Shakespeare-sonettar har vore rekna mellom dei beste i Norden.
Tor Erik Jenstad
Tor Erik Jenstad
Tor Erik Jenstad er språkforskar, ordboksredaktør og folkemusikar. Skjellsordboka (1991) er berre ei av fleire språkbøker han har gitt ut.
Niels Juel
Niels Juel, gardbrukar, folkehøgskulemann og stortingsrepresentant frå Halsnøy. Han skreiv det eldste kjende privatbrevet på landsmål.
Albert Joleik
Albert Sigvard Abrahamson (Andersen) Joleik var bygdesogeforfattar og bladmann. Det var han som først fann på ordet allkunne.