Hopp til innhold
X
Innhald

Anne Johanne Kvale

Anne Johanne Kvale, journalist, politikar og organisasjonskvinne. Ho har markert seg særleg når det gjeld fråhaldssak, kriminalomsorg, kvinnesak og forsvarssak.

Anne Johanne Kvale er fødd 11. juli 1924 i Førde. Den første journalistjobben hennar var i avisa Firda, der ho arbeidde frå 1946 til 1951. Frå 1956 til 1961 var ho landssekretær i Norges Bondekvinnelag, samtidig som ho tok utdanning som sosionom. Seinare har ho mellom anna arbeidd som informasjonssekretær i Landsforeningen mot Kreft og som landssekretær i Kristeleg Folkepartis Kvinner. Kvale har hatt ei rekkje verv, mellom anna som styremedlem i Norske Kvinners Nasjonalråd, Avholdsfolkets landsnemnd, Det Hvite Bånd og Kriminalomsorg i Frihet. Ho har dessutan vore bystyremedlem i Oslo og medlem av tilsynsrådet for Ullersmo landsfengsel.
Kvale har skrive to bøker om Kristeleg Folkepartis Kvinner og i tillegg redigert ei rekkje meldingsblad og tidsskrift, både for Norges Bondekvinnelag, Norske Kvinners Nasjonalråd, Landsforeningen mot Kreft og Kvinners Frivillige Beredskap. Ho var den første kvinnelege leiaren i Sunnfjordlaget i Oslo og har vore ein aktiv bidragsytar til lokalhistoriske skrifter i heimbygda, først og fremst Jul i Sunnfjord. I 1994 gav ho ei boksamling på 6000 bind til Førde bibliotek.
Kvale vart i 2009 heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv.
Kjelder
Kirsti Dragsund: Kvinnegiv for bygdeliv. 50 år med Norges Bondekvinnelag. Oslo 1995
Hvem er hvem? Oslo 1989
Atle Ness (red.): Firda 75 år 1918–1993. Førde 1993
Biografi om Anne Johanne Kvale, NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon, publisert 26.09.2001, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1314108.html [lesedato 16.04.2010]
Peikarar
«Kongens sølv til Anne Johanne Kvale», Fylkesmannen i Oslo og Akershus

Først publisert: 26.05.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013