Hopp til innhold

Arne-Ivar Kjerland

Arne-Ivar Kjerland, antikvarbokhandlar som bygde opp Nynorsk Antikvariat til eit av dei største i landet.

Arne-Ivar Kjerland er fødd 16. oktober 1952 i Granvin, Hordaland. Etter framhaldsskulen arbeidde han i Televerket og på møbelfabrikk. Kjerland gjekk to år på Framnes folkehøgskule og utdanna seg så som våpenreparatør i militæret. Han tok handelsskule og gymnas som privatist, seinare Samvirkeskulen, studium ved BI og leiarutdanning i avisdrift.
I 2004 starta Kjerland som antikvarbokhandlar på heiltid etter å ha etablert Nynorsk Antikvariat saman med Kjell Arve Straumsvåg i 1989. I 2004 skilde dei to lag, og i 2010 er Kjerland eineeigar og leiar av Nynorsk Antikvariat AS i Tvedestrand.
Kjerland var ei kreativ og sterkt medviten drivkraft i å hente inn markante foredragshaldarar til programseriar ved «bokbyane», først i Fjærland, så ved Nynorsk Antikvariat i Tvedestrand.
Han er ekspert på forfattaren og folkeminnesamlaren Thrond Sjurson Haukenæs og har skrive føreordet til 2. utgåve av Haukenæs si bok om Voss og Vossestrand.
Kjerland var disponent i avisa Dag og Tid i 23 år, frå 1981. I same perioden var han forretningsførar og sekretær for Riksfondet for Nynorsk Presse.
Kjerland har vore leiar i Granvin Mållag og redaktør for bladet Granvinsmaole. Han har dessutan hatt politiske verv for Senterpartiet i Granvin herad og for Sosialistisk Venstreparti i Hurum kommune. Han har hatt ei rekkje verv i næringslivet: nestleiar i styret for Hurum produkter AS, styreleiar i Den norske bokbyen i Fjærland, styremedlem i Røyken og Hurum avis AS, styreleiar i Nedre Buskerud Samvirkelag, styreleiar i Coop Vestviken BA, styreleiar for Bokbyen Forlag AS i Tvedestrand og formann i kontrollkomiteen for Coop NKL BA.
Kjelder
Arne-Ivar Kjerland

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013