Hopp til innhold

Arthur Klæbo

Arthur Klæbo, kringkastingsmann, kåsør og forfattar. Han var ein nynorskpioner i NRK, var sentral i utviklinga av programprofilen og var ein av dei store radiokåsørane i NRKs historie.

Arthur Klæbo var fødd 6. august 1908 i Ålesund og døydde 21. juli 1985 i Oslo.
 
Han voks opp i Volda, tok examen artium der i 1929, reiste så til Oslo, tok eit kurs på Otto Treiders Handelsskole og las korrektur. Frå 1930 til 1934 var han journalist i Den 17de mai, og åra 1934–40 arbeidde han i NRKs programblad Hallo-hallo!. 
 
Etter krigen, frå 1945 til 1950, var han redaktør i  det nyskipa Programbladet. Han vart sendeleiar i NRK i 1946 og programredaktør i 1950. Som leiar for programsekretariatet hadde han ansvar for å samordne programtilbodet til NRK. Frå 1972 hadde han ei friare redaktørstilling fram til han gjekk av for aldersgrensa i 1978.  
 
Klæbo vart særleg kjend som ein særmerkt og fargerik radiokåsør. Han var òg mykje brukt som stemnetalar.
 
Han gav ut rundt 30 bøker – kåserisamlingar, reiseforteljingar, eit par biografiar, to bøker om NRK og ei bok om tre av dei store naturkatastrofane i Noreg. Han skreiv òg høyrespel og eit par skodespel og omsette fleire teaterstykke for Det Norske Teatret.
 
Han var oppteken av arbeidet for skredsikring og medverka til at Fonnvernutvalet vart oppnemnt i 1946. Han var med og tok initiativet til Kringkastingsringen i 1955, og han redigerte det første prøvenummeret av Dag og Tid i 1962.
 
I 1959 vart han tildelt Sunnmørsprisen for boka Farlige fjell.  I 1965 fekk han Melsom-prisen og i 1979 Kringkastingsprisen.
 
Radioliv
Medan Klæbo før krigen var redaksjonssekretær i NRKs programblad Hallo-hallo!, hadde han òg vakter som nynorsk hallomann og nyheitsopplesar. Saman med Karl C. Lyche, som vart tilsett som den første nynorsk hallomannen i 1934, og Hartvig Kiran, som byrja i NRK i 1938, vart han ein av nynorskpionerane i kringkastinga.
 
Målet hans «smaka stygt av vestlandsk dialekt», har han skrive, og han vart den første tida kritisert både frå riksmålshald og frå konservative nynorskfolk.
 
Då han kom tilbake til NRK etter krigen, styrde han det nyskipa Programbladet samstundes som han var sendeleiar. Bladet opplevde ei rivande utvikling i desse åra. Opplaget voks frå 30 000 i 1946 til over 200 000 i 1950.
 
Fram til 1972 var han leiar for programsekretariatet, som samordna programma frå dei ulike avdelingane i NRK. Han la vekt på at heile landet skulle vere med på riksnettet. Landsdelsstoff frå grasrota i Bygde-Noreg fann plass i seriar som «På våre kantar», «På innsteg» og «Utanfor allfarveg». Han starta sjølv programmet «Hav og havn».
 
Han spela òg ei sentral rolle i framveksten av NRK sine lokalkontor frå 1957 og i åra som følgde. Han hadde sjølv overoppsynet med Austlandssendinga frå 1960 til 1972.
 
Ved 20-årsjubileet for NRK i 1953 gav han ut boka Dette er Norsk Rikskringkasting. Det var den første, og lenge den einaste, boka om NRK. I 1983, ved 50-årsjubileet, kom Radioliv med NRK i 50 år, ei personleg prega bok om utviklinga av kringkastinga gjennom fem tiår og ein dørgløtt inn til mange av dei tidlege NRK-profilane – kringkastingssjefar, programarbeidarar og programvertar.
 
Med si sentrale stilling sette han sitt merke på NRK i mange år. Men for folk flest var han først og fremst radiokåsøren.
 
Kåsøren
Klæbo var ein språkkunstnar, som i frodige bilete, spenstige paradoks og lydmålande, rytmiske ordstraumar tok opp emne frå kvardagslivet land og strand rundt, i samtid og fortid, ofte med opningsorda «God kveld, godtfolk».
 
Han leika med bokstavrim, bårande presens partisippar, tok i bruk dialektord eller halvgløymde uttrykk som for folk flest berre var forståelege ut frå samanhengen.  Ein sjeldan gong sveipa han også innom dei gamle nynorske språkkunstnarane, Arne Garborg og A.O. Vinje.
 
Humor og sarkasme kunne prega kåseria, og hyperbolske skildringar: «Når flyndra byggjer reir i furutoppane og steinbiten jagar kråker kring minkgardane, då regnar det rumpetroll på Sunnmøre.»
 
Men ved sida av ordkunsten var det nok like mykje kvardagsemna og haldningane hans som fengsla lydarane.  Bak humor og sarkasme låg det hjartelag og medkjensle.
 
Forfattaren
Ein del av radiokåseria samla Klæbo i bøkene God kveld godtfolk (1968), God kveld igjen (1972), og Dagar av mitt liv (1975). Seinare kom det fleire kåserande bøker, som På eiga bølgjelengd  (1977),  Eit anna land – ei anna tid (1980) og Heim – over sjø og land (1981).
 
Men den første boka han gav ut, i 1942, var Farlige fjell, ei bok om dei store skredulukkene på 1930-talet i Loen og Tafjord og skredflaumen i Simadal. Boka skreiv han på nynorsk, men ho kom ut på bokmål fordi nynorskforlaga meinte stoffet var for godt kjent gjennom radioprogram. Ho kom nye utgåver i 1960 og 1981.
 
Klæbo reiste mykje, drog av garde i feriar eller tok uløna permisjon, og betalte reisene sjølv. Men av alt vart det radioprogram – og bøker. Han fór i vesterveg –  til Færøyane, Shetland, Island, Irland, Grønland, Newfoundland og Alaska  – og til Afrika eller langs Stillehavstrendene.  Somt av stoffet brukte han i bøker som Ullstrømper til Afrika (1963), Over alle hav (1964) og Eventyrhav (1965).
 
Han skreiv biografiar om skodespelarane Alfred Maurstad (1945) og Edvard Drabløs (1967), høyrespelet Kapp Farvel (1961) og teaterstykka Isflå (1952) og God jul, granne (1953).
 
Lite er det kjent at han òg var ein habil karikaturteiknar.  Då han kom til Oslo i 1929, hadde han fått plass på kurs i frihandsteikning på Kunst- og handverksskolen. Men i staden for teiknar og biletkunstnar vart han kringkastingsmann og ordkunstnar.
 
Kjelder
Hans Fredrik Dahl: Hallo-Hallo! Kringkastingen i Norge 1920–1940. Oslo 1975
Hans Fredrik Dahl: «Dette er London». NRK i krig 1940–1945. Oslo 1978
Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
Lasse Dyrdal: «Arthur Klæbo». Aftenposten 29. juli 1985
Jørn Enger: Hele landet på lufta. Historien om NRKs distriktskontorer. Oslo 2006
Asbjørn Gjærde: «Arthur Klæbo. Ordkunstnaren i Radioen». I Harald H. Rise (red.): 100 år, 100 navn. Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Ålesund 2000
Gunnar Gran: Men radioen var ikke død. Oslo 2000
Arthur Klæbo: Dette er Norsk Rikskringkasting. Oslo 1953
Arthur Klæbo: Radioliv med NRK i 50 år. Oslo 1983
Tryggve Juul Møller (red.):  Studentene fra 1929. Oslo 1954
Andreas Norland: «Arthur Klæbo». Verdens Gang 29. juli 1985
Ottar Odland: År i NRK. NRK Distriktsdivisjonen 1996
Gunnar Ramsli: Snø og snøskred. Oslo 1951
Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo 2005
 
Peikarar

Først publisert: 05.01.2015
Sist oppdatert: 05.01.2015