Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Kristvik

Erling Martinson Kristvik, pedagog. Han skreiv det faglege hovudverket sitt i 1920 og prega etterpå den pedagogiske tenkinga i Noreg i fleire tiår.

Kristvik var fødd på Kornstad (Averøy) 30. august 1882 og døydde 9. januar 1969. Han tok examen artium ved Kristiansund gymnas i 1905, var lærar i Volda 1906–13, ved Møre folkehøgskule i Ørsta 1913–15 og etter det ved fleire lærarskular. Kristvik var skuledirektør i Nordland og Troms 1925–30 og rektor ved Volda off. lærarskule 1930–46.
 
Under den tyske okkupasjonen blei han utvist frå Møre og Romsdal og til slutt send til Falstad leir nord for Trondheim. Yrkeslivet avslutta han som professor i pedagogikk ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim 1946–52.
 
Gjennom mange skrifter og sin eigen praksis prega han den pedagogiske nytenkinga i fleire tiår. Særleg oppteken var han av den rolla folkeskulen skulle ha i eit samfunn som han ville gjere til det han kalla ein folkedaningsheim. I alt dette låg ein kraftfull opposisjon til utdanningspolitikken i samtida.
 
Lærarskulane var i heile første halvdel av 1900-talet som oftast den høgaste utdanninga elevar frå landsbygda fekk. Med sin klare språkprofil blei Kristvik dermed også eit viktig språkleg føredøme for mange.
 
Blant skriftene hans er hovudverket Folkelagnad. Tankar om samfund og kultur (1920). Kristvik fekk Kongens fortenestemedalje i gull.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Rune Slagstad: De nasjonale strateger. Oslo 1998

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013