Hopp til innhold
Halvdan Koht ca 1935.
Halvdan Koht ca 1935.
X
Innhald

Halvdan Koht

Halvdan Koht, historikar og statsråd. Truleg var det ingen nordmann som publiserte meir enn han på heile 1900-talet, i begge målformer.

Koht var fødd i Tromsø 7. juli 1873 og døydde 12. desember 1965. Han blei dr.philos. og dosent i historie i 1908, og var professor i historie ved Universitetet i Oslo 1910–35. Koht melde seg inn i Arbeidarpartiet i 1911 og var utanriksminister i regjeringa Nygaardsvold 1935–41.
 
I målrørsla kom han med i studietida. Han redigerte Syn og Segn 1901–08, var med og skipa Noregs Mållag og var formann i organisasjonen 1921–24.
 
Koht var ein sentral aktør både i norsk og internasjonal historieforsking, og han var ein sjølvstendig tenkjar. Ein artikkel om Ivar Aasen i 1913 inneheldt synspunkt som først mange tiår seinare blei førte vidare. I emneval femnde han vidare enn nokon annan norsk historikar, og i alt publiserte han heile 43 000 sider. Han skreiv to av dei mønstergyldige biografiane på 1900-talet, i kvar si målform – om Johan Sverdrup på bokmål (1918–25) og om Henrik Ibsen på nynorsk (1928–29).
 
 
 
Lydfil: Halvdan Koht om krigsfrykt (1939). NRK SKole
 
 
 
Lydfil: Halvdan Koht til det norske folk (1940). Noregs utanriksminister forklarer kvifor kongen og regjeringa drar til London, kva som kjem til å skje og kvifor det måtte bli slik. NRK SKole
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Sigmund Skard: Mennesket Halvdan Koht. Oslo 1983

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 29.10.2014