Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Kårhus

Hans Kårhus var filolog og tv-tekstar som serverte «Derrick» til det norske folk.

Hans Kårhus var fødd og oppvaksen i Nedre Vats i Vindafjord 6. oktober 1944 og døydde i Oslo 8. oktober 2003. Han tok examen artium på Bryne i 1963, lærarprøva ved Stavanger lærarskule i 1967 og blei cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1975, med tysk hovudfag og engelsk mellomfag. I avhandlinga analyserte han feil som norske studentar gjorde når dei skreiv tysk.
Kårhus arbeidde som frilans tv-tekstar i NRK i perioden 1973 til 2003 og utførte fleire tusen oppdrag med høg profesjonalitet og stor arbeidskapasitet, mest seriar, men òg litt sport og utanriksstoff. Mest teksta han frå tysk og engelsk, det meste på nynorsk. Han fekk heile tv-Noreg som publikum med si teksting av «Derrick», som gjekk på norsk fjernsyn i heile 22 år (1977–1998), med reprise av alle 281 episodane frå 2009.
Meir populær blei kanskje serien «Forviklingar» (Soap), ein parodi på amerikanske såpeoperaer. Kårhus kledde all skjemten og ordspela i originalen i ei elegant språkform, slik at nokon knapt reagerte på at ein komiserie for første gong blei teksta på nynorsk. Kanskje var det her nynorsk fekk sitt definitive gjennombrot i fjernsynssend underhaldning.
Som junior gjorde Kårhus det godt i friidrett. Han blei norsk meister, sette fleire norske rekordar og var med i nordiske landskampar.
Kjelder
Bente Haraldseid, e-post 07.04.2010
Reidun Martol, tekstekontoret, NRK, e-post 03.05.2010
«Med TVNorge som leserkrets», intervju med Hans Kårhus, Aftenposten 07.08.1987
Nikolai Nelvik: Nekrolog, Aftenposten Morgen 16.10.2003
O.P. Sandvig / Børre Lilloe, Norges Friidrettsforbund, e-post 15.04.2010
John Skien, NRK Rogaland, e-post 27.04.2010

Først publisert: 15.10.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013